Styret har valgt å satse på tenestene Spond som informasjonskanal for grendalaget framover. I tillegg kjem vi som før til å bruke postkassene, og vil vere på Facebook. Dette betyr imidlertid at vi legg ned bloggen vår, Røysaleiteveven. Takk for følgjet så langt, og håpar du vil følgje oss vidare på Spond. Du kan bli medlem her: https://group.spond.com/ASCTC (lenke til Spond)
Takk for ein hyggeleg dugnad på fellesarealet i Nilstræet!
Vi fekk malt dokkestova, rydda godt i vegetasjonen rundt på fellesarealet, rakt og jammna ut underlaget på fotballbana etter vinterens brøyting, olja laftesettet til ungane – og ikkje minst fekk vi smake på ein skikkeleg god gelé-bjørn!
Takk for bidraga, alle de som deltok! 🙂
Maling av dokkestovaNy sveis på sprakebuskaneRaking av fotballbanaOljing av laftesettet til unganeVekk med kratt og stikkebuskarPremien til dei som hadde vore så flinke å jobbe: Gelebjørn! Takk til Ruthild og Iben, den smakte kjempegodt!
Det blei digitalt årsmøte i grendalaget i åra.Her kjem nokre høgdepunkt frå møtet.
Linn Sofie Ugulen
Sitjande grendalagsleiar, Linn Sofie S. Ugulen, blei attvald for to nye år.
Styremedlem Mari J. Aune blei også attvald for nye to år.
I tillegg blei følgjande varaer til styret valde: Ruthild Dale, Hilde Katrine Engeli og Espen Sæterbø. Årsmøtet utvida varalista med ein vara til, for å sikre eit godt og operativt styre.
I 2022 ønskjer årsmøtet at grendalaget prioriterer desse tiltaka og aktivitetane:
Maling og vedlikehaldsarbeid på dokkestova i Nilstræet
Brunsnegleaksjonen del 2
Undersøke moglegheitene for lykter på leikeplassane i Dalhjellevegen og Nilstræet. Innkjøp viss tekniske og økonomiske vilkår verkar OK
Setje opp ballfangar bak det nye målet på ballbana
Dugnad m/vedlikehald og rydding av vegetasjon
Vurdere å stå for Open hall
Utvide laftesett og olje delane, bygge kasser til oppbevaring
Planlegge for opprusting av lavvoen
Arrangement og aktivitetar som engasjerer fleire på Røysaleite
Kontingentsatsen for 2022 ligg fast på kr 200, slik han har gjort i fleire år.
Viss nokon saker dei vil ha handsama eller tiltak dei ønskjer grendalaget skal prioritere det neste året, må dei gjerne sende innspel til styret@roysaleite.no innan tysdag 11.1.
Over 30 naboar var samla til grilling, postløp og bål på sjølvaste jonsokafta.
På Nilstræet myldra det av glade ungar med is og ketchup rundt truten og pratsame vaksne. Det var så kjekt å få samlast slik til hygge og leik på vår tradisjonelle jonsokfeiring i grendalaget. Ekstra kjekt at vi fekk tenne bålet. Jammen fekk vi pressedekning i Sogn Avis også.
Takk til alle som bidro på dugnaden på torsdag. Vi vart ein god gjeng på sjølve dugnadsdagen, og fleire ville fullføre påbegynte prosjekt i dagane etterpå.
Leikeplassane fekk ein skikkeleg kickstart på vår- og sommarsesongen 🙂 Benkeborda på Stytti og Nilstræet fekk ein grundig gjennomgang med pussemaskin og beis. Lavvoen fekk ein real vårvask. Dokkestova i Dalhjellevegen fekk eit løft med målekost og pynt. Elles vart det rydda kvist og kvast.
Håpar vi sjåast masse i det flotte grendalaget vårt utover våren og sommaren! Her er nokre bilete:
For første gong blei årsmøtet halde digitalt. 9 røysaleitingar deltok på møtet frå kvar sine maskiner. Fleire saker vart handsama, mellom anna handlingsplan for 2021:
Handlingsplan 2021:
Ballplass – årsmøtet ønskjer å ruste opp dekket, skal vere enkelt å vedlikehalde. Halde konstruksjonen på eit minimum, og vurdere heller ballnett på sikt. Må vere mogleg med alternativ bruk.
Leggje til rette for vekst av eng på områder vi ikkje treng å nytte til anna.
Brunsnegleaksjon 2.0 – prøver igjen i år. Var problem med leveransar i fjor. Viktig med låg terskel, få mange med.
Forslag om spleiselag for kommunen – grendalaget betalar lykt, kabling, etc. og kommunen står for straum og forskriftsmessig oppsett. Vurdere eventuell plassering. Avvente svar frå kommunen.
Opprusting leikeplassar Stytti og Nilstræet. Rydde vegetasjon.
Leggje til rette for eldre ungar – laftestokkar, byggjesett eller liknande. Elles vere ope for at ungane kan vere kreative, lage hytter og liknande.
Landskapspleie og rydding på fellesareal.
Tiltak på handlingsplanen er med atterhald om dugnadsinnsats og budsjettdekning.
Korona sette ein stoppar for stor fellesdugnad i år, i staden blei det ein serie smådugnadar
Lavvo-fiks:
Rensa og impregnerte duken og beisa stokkane, lappa duken
Rydding av vegetasjon fleire stadar på Røysaleite
Dalhjellevegen:
Ein gjeng fiksa opp dokkestova og leikeplassen i Dalhjellevege
Nils Magne Slinde og Rune Røysum sette opp ei fin redskapsbu til grasklipparane og det andre utstyret grendalaget eig
Benkane i Nilstræet blei beisa fint
Mange har vore ute og slått gras, malt postkassestativ og stått på for at det skal vere triveleg i nabolaget.
Å skulle nemne alle som har bidrege er det ikkje plass til her, men vi veit kven dei er alle saman, og grendalaget vil gjerne rette ein stor takk til alle saman!
Utelunsj i lavvoen
18. januar samla fleire familiar seg i lavvoen i Nilstræet og spiste lunsj saman rundt bålpanna.
17. Mai
Musikklaget hadde stand-up på leikeplassen i Nilstræet. Herleg med 17. mai-musikk rett utanfor døra!
Jonsokfeiring
38 store og små var med og feira jonsok.
Det var så tørt at vi ikkje kunne tenne bål, men grilling og hygge blei det i alle fall
Olsok
Det tradisjonelle jonsokbålet blei utsett fordi det hadde vore tørt vêr og bålforbod
I staden inviterte vi til bål og hellekaker i høve Olsok
Bålet var større enn vanleg etter ein aktiv koronavår i hagane
No var det ikkje tørt lengre – heller usedvanleg vått, så vi måtte flytte inn i lavvoen til slutt
Grasrotmidlar frå Norsk Tipping
Viss du vil, kan du gi grasrotandelen frå tippinga di til grendalaget
Vi har 5 trufaste givarar, som har bidrege med knappe kr 2000 i kassa – viktige inntekter for grendalaget J
Ein kan bli grasrotgivar i alle Norsk Tipping sine kanalar, eller ved å sende SMS <Grasrotandelen 918349669> til 60000
Brunsnigleaksjon
Den varsla oppfølgaren av snigleaksjonen i 2019, lot seg dessverre ikkje gjennomføre
Styret ønskjer å køyre aksjon på nytt i 2021, forhåpentlegvis med betre tilgang på nematoder og åte (mask)
Gåve til ballbana
Grendalaget har fått 20.000 kr frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane til å fikse dekket på ballbana i Nilstræet! ⚽️
Takk til Sparebankstiftinga!
Lavvoen
Sitjeplassar til opptil 20
Bålpanne med grillrist, steiketakke
Kaffikjele, emaljegryte og eit par koppar i reskapsskuret
Reiskapar
Reiskapane står i det nye skuret bak ballveggen på leikeplassen i Nilstræet
Kode til låsen kan ein få ved å kontakte styret@roysaleite.no eller leiar Sindre på 976 82 499
To grasklipparar:
Ny, stor plenklippar
Ryddesag med kantslått-tråd og diverse blad
Grasklipparane kan brukast fritt av alle medlemmane i grendalaget