Uttale om trafikktryggleik

img_1785 img_1783 img_7835 img_7832Grendalagsstyret har sendt kommunen ei uttale om trafikktryggleiken i grenda med forslag til tiltak:

 

Leikanger kommune <postmottak@leikanger.kommune.no>

kopi: Mari Johansen Aune, Leikanger kommune <mari.johansen.aune@leikanger.kommune.no>

 Leikanger, 20.9

Vi viser til den pågåande arealplanprosessen, der vi forstår at det m.a. vil vere fokus på trygg veg til skule og barnehage for ungane.
I Røysaleite-grenda, er det fleire stader der vi meiner at trafikktryggleiken kan utbetrast med enkle tiltak. Tiltaka er ikkje nødvendigvis kostbare, og vi trur effekten av tiltaka kan verte stor, sidan vegene i området Kleppavegen-Kolabakken-Nilstræet blir brukt både av ungar i grenda og av dei som er på veg til og frå barneskulen som høyrer heime i andre delar av bygda. Her er grendalaget sine innspel:
  1. Fleire kryssar Kleppavegen ved Nilstræet på veg til og frå skulen. Det er ingen oppmerking på staden verken for fotgjengarar eller billistar. Næraste fotgjengerovergang er ved Kolabakken, som ligg bort i mot 100 m lengre nede i Kleppavegen og truleg ikkje vil vere aktuell for ungar frå området rundt Henjahaugane og øvre del av Røysaleite/Kleppavegen. Overgangsfelt med skilting ville vere bra (IMG_7855 og IMG_1783)
  2. I Kolabakken finst det ingen skilt som syner fartsgrensa. Fleire køyrer fort ned gata. Mange ungar leiker i området, og det finst ein offentleg leikeplass midt i Kolabakken som ligg rett ved vegen. Skilting kunne bidra til lægre fart i gata.
  3. Det står ofte bilar parkert i svingen nedom Kolabakken. Parkerte bilar gjer at ungar på skulevegen må gå utanom dei parkerte bilane og ut i vegen, eller at dei må krysse vegen på ein stad som er uoversiktleg. Grendalaget ynskjer eit parkeringsforbod i svingen under Hovdavegen (IMG_1785)
  4. Det manglar ei lyktestolpe i Hovdavegen, der berre sokkelen og straumkablane står att. Området er mørkt i vinterhalvåret. Det ville hjelpe på trafikktryggleiken om lyktestolpa blei sett opp att (IMG_7836)
  5. Det er relativt djupe hol og manglande asfalt på fortauet i Kleppavegen og i Kolabakken. Ungar kan få sykkelhjul ned i hola eller skli på grusen der asfalten er skrelt heilt bort. Vi foreslår at hola blir tetta (IMG_7832)
Vi håpar at kommunen ønskjer å sjå på innspela og vurdere å gjennomføre nokre av tiltaka.

 

Venleg helsing

for Røysaleite grenda
Sindre Børsheim Ramung
styreleiar
mobil 976 82 499​​