Oppsummering frå infomøte om kraft- og vassverkutbygginga

Tysdag 27. august hadde grendalaget møte med Sognekraft om utbygginga av kraftverk og nytt vassverk i Henjadalen.

Anleggsarbeidet i Henjadalen vil pågå i 2-3 års tid. LNS er hyra inn av Sognekraft som entreprenør. Dei har starta med grunnarbeid på bekkeinntak, ledemurer for vatn ved inntaka og plattform for tverrslag i Henjadalen.

Hausten 2019 skal det vidare monterast kar for nye bruer ved Flya. Til dette arbeidet blir det brukt gravemaskiner som alt er på plass i Henjadalen og forsyningar frå helikopter. Det vil i tillegg bli sporadisk køyring inn dalen, seier Sognekraft, m.a. for å få inn forsyning av betong og ein borerigg. Det er i første omgang relativt få maskiner som vil vere i arbeid framme i dalen.

Etter kvart vil skogsentreprenør bli involvert i uttransportering av tømmer langs vegtraseen. Dette vil primært skje vinteren 2019-20. Uttaket har eit avgrensa omfang då traseen er berekna til ca 8 m breidde.

Vidare skal det leggjast 7,5 km vassleidning frå dagens inntak og fram til Traståna, samt ny veg oppå denne. Dette vil skje frå februar-mars 2020 og utover. Også vegen fram til dagens inntak vil bli rusta opp til å kunne tåle større køyretøy. Det vil bli etablert ein base for anlegget nederst i dalen, ved enden av Kolabakken. Her vil det vere brakkar.

Det aller meste av lausmassar til den nye vegen blir frakta inn i dalen gjennom tverrslaget frå Huksdalen, og skal såleis ikkje transporterast innover Henjadalen, seier Sognekraft. Massene vil bli knust i et knuseverk som vil stå ved tverrslaget nokså langt framme i dalen. Til transport av masser vil det vere behov for å køyre inn dumparar. Maskinene som skal byggje vassledning og veg vil starte fremst i dalen og bevege seg nedover. Om vinteren vil maskinene bli trekt lengre ned i dalen.

Trastadalsdammen innerst i Henjadalen skal rustast opp, men det vil ikkje bli bygd veg frå Traståna og opp til dammen. Dammen blir sikra med ny mur, mens fasaden med naturstein blir bevart som før. Dammen skal kunne tappast ned med 1 L pr døgn om det skulle oppstå krisesituasjon.

Når det gjeld landskapsinngrep, vil det ikkje vere nokon tipp i Henjadalen. Steinblokkar som blir fjerna, vil bli brukt til å plastre skuldra på nedsida av vegen med.

Bruken av vegen forbi dagens bom er styrt av kommunen og grunneigarane. Vegen vil ikkje vere open for ålmenta og i utgangspunktet ikkje bli brøyta.

Når det gjeld HMS seier Sognekraft at dei og entreprenøren LNS ønskjer å fokusere på tryggleik og førebyggje ulykker. Td. ønskjer dei å prøve å køyre i periodar med lite mjuke trafikkantar langs vegen. Dei oppmodar elles foreldre om å snakke med barna sine om trafikktryggleik og synlegheit langs vegen. Grendalaget har signalisert at det kan vere naudsynt å opprette dialog med barneskulen om trygg skuleveg i anleggsperioden.

Frå 2021 skal inntaka i Henjadalen vere i produksjon og anleggsarbeidet vil avsluttast.