Digitalt årsmøte måndag 1.3

Røysaleite grendalag kallar inn til digitalt årsmøte i grendalaget måndag 1.3 kl 20.30-21.30.

Saker:
1. Godkjenning av innkalling og sakliste
2. Val av møteleiar og skrivar
3. Årsmelding
4. Val (innstilling kjem)

Viss nokon saker dei vil ha handsama eller tiltak dei ønskjer grendalaget skal prioritere det neste året, må dei gjerne sende innspel til styret@roysaleite.no innan fredag 26.2.

Lenke til det digitale årsmøtet (Microsoft Teams – kan opnast i nettlesar eller i Teams-appen)

Sakspapir og praktisk informasjon om møtet blir posta her i god tid i forvegen.

Styret håpar å at mange ønskjer å delta på det digitale årsmøtet. Velkommen!