Dugnadslogg

Med koronarestriksjonar blei det vanskeleg å få til ein stor fellesdugnad i år, men det betyr ikkje at vi har ligget på latsida. Mykje har skjedd i løpet av sommaren. Her kjem ei oppsummering.

Lavvoen har stått nokre år i vind og vêr og tida var inne for ei overhaling. Vi rensa og impregnerte duken og beisa stokkane. I skrivande stund blir duken lappa slik at han skal vere tett når haustveret er over oss.

Lavvo-spa


Det var behov for ein god del rydding av vegetasjon på felleareala. Her kom grendalaget si ryddesag til sin rett, resten blei teke med hagesaks.

Til slutt ga krattet tapt…

I Dalhjellevegen har ein gjeng vore i sving med å fikse opp dokkestova og leikeplassen for øvrig. Den «nye» dokkestova er skikkeleg koseleg og kjekk å leike i for dei minste!

Dalhjellevegen sitt minste hus

Eit par arbeidsame folk sette opp ei fin redskapsbu til grasklipparane og det andre utstyret til grendalaget. Kode til kodelåsen kan alle som vil låne utstyr få. Berre å sende ei melding til styret@roysaleite.no

Hus til maskinene


Og så har benkane i Nilstræet har blitt beisa fint.

Elles har mange vore ute og slått gras, malt postkassestativ og stått på for at det skal vere triveleg i nabolaget.


Å skulle nemne alle som har bidrege er det ikkje plass til her, men vi veit kven dei er alle saman, og grendalaget vil gjerne rette ein stor takk til heile gjengen!

Regntung olsokfeiring

Olsok 2020 var ikkje av det tørraste slaget, men då fekk vi i alle fall lov å tenne bål.

Grendalaget hadde invitert til bål og hellekaker i høve Olsok. I heile sommar har vi hatt bålforbod, men i det siste hadde det regna såpass mykje at brannvesenet tykte det var greitt med litt eld.

Bålet var større enn vanleg etter ein aktiv koronavår i hagane. All kvist og trevirke lot seg likevel fyre opp og blei slukt av flammane.

Kraftige flammar frå bålet

Då det begynte å regne skikkeleg, trakk vi inn i lavvoen for å spise hellekakene. Utruleg at det går an å steike kaker over eit bål! Takk til Lene Slinde for steike-bragden!

Hellekake-kos i lavvoen i «flaggermus-perspektiv»

Jonsokfeiring i Nilstræet fredag 19.6

Bli med å feire Jonsok med naboane!

I år blir det ei tidleg jonsokfeiring på Nilstræet med grilling, leik og hygge. Får vi lov av brannvesenet tenner vi også opp bål. Ta med grillmat og bli med!

Jonsokbål

Me fyrer opp grillen kl 16, men held det gåande utover ettermiddagen og kvelden – kom når det passar! Bålet fyrer vi opp i 17.30-tida.

Smittevern tek me på alvor og vil ha følgjande tiltak:

– Me benkar deltakarane pr husstand, men sosialt skal det bli likevel
– Antibac er tilgjengelig ved grill
– Alle har med eigen grillmat, fat, glass og bestikk til grilling
– Me oppmodar om at dei som kan tek med eigen stol, så me veit at me har nok sitteplassar
– Me fører liste over alle som er med på arrangementet – det er plass til 50 personar
– Folk som har symptom på luftvegssjukdom held seg heime

Har de kvist, greinar eller uimpregnerte plankar, kan de deponere desse attmed fotballbana. Slik får vi meir føde til bålet.

Spørsmål kan rettast til styret på Facebook, på e-post styret@roysaleite.no eller mobil 976 82 499 (leiar Sindre Ramung).

Brunsnigleaksjon

Grendalaget på Røysaleite inviterer til nemaslugaksjon mot brunsniglar!

Vi får bryggemask fra Balder som vi bruker som åte. Grendalaget stiller med nemaslug som vi blandar i masket. Nemaslug inneheld ein naturlig nematode som tek livet av snigelen ved å hindre han i å ete. Nematoden blir spreia vidare ved at den daude snigelen blir spist av andre brunsniglar. Nemaslug er ufarleg for barn og andre dyr og er godkjent i økologisk landbruk.

For at aksjonen skal bli vellykka treng vi at mange bidreg. Møt opp på leikeplassen med ei bøtte eller to til åte og sprei dette i nabolaget.

Brunsigleaksjon

Vi kjem tilbake med dato og klokkeslett så snart vi veit når Nemaslug’en blir levert. Utlevering skjer på leikeplassen i Nilstræet.

Om du ikkje er heime under aksjonen, kan du ta kontakt med Mari Aune for å hente Nemaslug i Kolabakken. tlf 932 86 541.

Protokoll frå årsmøtet i grendalaget 2020

Grendalaget hadde årsmøte i Henjahaugane barnehage måndag 24. februar.

Årsmøtet vedtok følgjande tiltak for 2020:

•Male og setje i stand dukkestova i Dalhjellevegen
•Felle grantrær i krysset under Elihaug (på vilkår av at ein får løyve frå naboane)
•Rydde fotballbana i Nilstræet og fikse dekket
•Redskapsskur med kodelås til utstyr i lavvoen
•Bensindreven grasklyppar til fellesareala
•Brunsnegle-aksjon 2.0 med bryggeri-mask

Og følgjande vedlikehaldstiltak:
•Impregnere duk, olje stokkar og vedlikehalde saumar på lavvoen
•Beising av leikeapparat og benkar

Tiltaka vil bli gjennomført med atterhald om dugnadsinnsats og budsjettdekning. I tillegg vil årsmøtet at styret tek initiativ til ein internasjonal fest i Nilstræet. Kan vere i samband med dugnad eller Jonsok-feiring.

Årsmøte i Røysaleite grendalag

Røysaleite grendalag kallar inn til årsmøte i Henjahaugane barnehage (Rosa avd. – første inngang) måndag 24. februar kl 20.

Saker:
1.Godkjenning av innkalling og sakliste
2.Val av møteleiar og skrivar
3.Årsmelding
4.Val
5.Rekneskap
6.Kontingent
7.Handlingsplan

Sakspapir blir lagt ut her etter kvart som dei er klare:

Henjahaugane barnehage

Viss nokon har saker dei vil ha handsama eller tiltak dei ønskjer grendalaget skal prioritere det neste året, må dei gjerne sende innspel til styret@roysaleite.no

Styret håpar å sjå mange på årsmøtet. Velkommen!

Utelunsj i lavvoen

18. januar samla fleire familiar seg i lavvoen i Nilstræet og spiste lunsj saman rundt bålpanna.

Her er nokre foto:

Pølser og pinnebrød på bålpanna
Obs! Grilling pågår
Hygge i teltet
Nicolay og Amalie

Vi minner om at lavvoen kan brukast av alle grendalagsmedlemmane. Den er utrusta med bålpanne, kaffekjele, suppegryte, steiketakke og grillrist. Om ein vil vere sikker på at lavvoen er ledig, kan ein sende ein e-post til styret@roysaleite.no og booke.

Historisk vandring på Henja

Røysaleite grendalag arrangerte historisk vandring på Henja i strålande haustsol. Meir enn 40 personar deltok.

Marit Anita Skrede frå Sogelaget tok oss med til gravhaugane på Henjahaugane og fortalde om alt frå gravskikkar, til økonomi og matkultur hos vikingane. Ingen tvil om at området har lang historie og at det har skjedd mykje spennade på Henja og Røysa opp igjennom!

Vidare blei det stopp i Henjatunet der Marit og Inga Halsnes serverte spennande ting frå historia på Henja akkompagnert av varm eplegløgg og lefse.

Arrangementet hadde fått kulturmidlar frå Leikanger kommune i høve avviklinga av kommunen. Takk til Leikanger kommune!