Oppsummering frå synfaring i Hovdavegen og Dalhjellevegen

Grendalagsstyret gjennomførte synfaring  i Hovdavegen og Dalhjellevegen i desember som oppfølging etter innspel på årsmøtet. Petter Stenstadvoll var med som kjentmann. Styret noterte seg desse momenta som vi ønskjer å følgje opp vidare:

  • Dårleg asfalt og overvannsproblematikk i Hovdavegen: Innspel til kommunen.

IMG_7833IMG_7841IMG_7848

  • Redusert gatebelysning, ei lyktestolpe er velta: Innspel til kommunen.

IMG_7836IMG_7837

  • Bilar parkert i svingen ved Hovdavegen, slik at ungar på veg til og frå skulen må ut i vegen for å komme forbi: Innspel til kommunen.IMG_7847
  • Treng eit nytt bord til fellesarealet: Styret vurderer om det er mogleg å skaffe eit bord til.

 

Styremøte -innspel til styret?

Styremøte i grendalaget tysdag 11.1.

Saker:

  • Årsmøte 2016 (februar)
  • oppfølging av årsmøtets kontingentvedtak
  • oppfølging etter synfaringa i Hovdavegen og Dalhjellevegen før jul.

Post gjerne innspel til styret el kontakt oss på styret@roysaleite.no

Dette jobbar grendalaget med no

Oppgradering av leikeapparat 

Midtfeltet (Nilstreet/Haugane): Grendalaget har søkt kommunen om støtte til å oppgradere eksisterande leikeapparat og supplere med nye. Søknaden er til handsaming hos kommunen. Styret har gjennomført dugnad der dei har sett på nytt tak på dokkestova, lagt duk i botn på sandkassa og køyrt på med ny, «kattefri» sand. Takk til kommunen som har gitt oss sand!

Kolabakken: Grendalaget har løvya midlar til port, slik at leikeplassen blir trygg for ungane og offentleg tilgjengeleg frå Kolabakken. Porten er alt på plass.

Hovdavegen/Dalhjellevegen: Styret gjennomfører synfaring og vil snakke med bebuarane i området.

Medlemskap i interesseforeining for grendalag

Styret undersøker behovet for medlemskap i den nasjonale interesseforeininga for grendalag og fremmar innstilling på årsmøtet. Medlemskap gir forsikring mm.

Heimeside og Facebook-side

Det er oppretta heimeside for grendalaget (der du befinn deg no) og Facebook-side, www.facebook.com/roysaleite/ Følg oss på web og på Facebook!

Asfaltering/vedlikehald av veg

Grendalaget vil spele inn til kommunen ei prioritert liste på maks tre-fire veg-stubbar. Styret tek ei synfaring rundt om i grenda.

Gjennomkøyring Elihaug

Styret vil undersøke om det er eit problem med gjennomkøyring frå øvst i Kleppavegen og vil høyre med nærmaste naboar på Elihaug om kva dei ønskjer.

 

Vegetasjon som «står i vegen»

Det finst ein del vegetasjon som står i vegen, både på fellesareal og på private område. Styret ønskjer å spørje Petter Stenstadvold om å vere ressursperson og organisere rydding av friområde, t.d. i Dalhjellevegen.

Ny dugnad 

Vi vil planlegge ny dugnad til våren. Dato kjem seinare.