Under ei utdeling 30. april fekk grendalaget tildelt 30.000 kr frå Sparebanken Vest sitt gåvefond til opprusting av leikeplassane i Dalhjellevegen og Nilstræet. Vi takkar for pengane som vil bli investert i nye leikeapparat!

Innlegg som ikkje er kategorisert
Grendalaget inviterer til dugnad i Hovdavegen/Dalhjellevg, Kolabakken og Nilstræet 6.5 kl 10 med følgjande aktivitetar:
Rydding av vegetasjon
Bossplukking
Male listverket på dokkestova
Bygge trommel-traktor
Olje leikestativ
Møt opp på ein av dei tre leikeplassane på Røysaleite. Ta gjerne med spade, rake eller greinsaks.
Frå kl 14.30 blir det grillfest og vaflar i Nilstræet. Ta med grillmat og bli med!
Spørsmål kan rettast til styret: (styret@roysaleite.no; mobil 976 82 499 – leiar, Sindre B.R.)