Årsmøte i Røysaleite grendalag 27. februar

Røysaleite grendalag inviterer medlemmane våre til årsmøte onsdag 27. februar kl 20 i Henjahaugane barnehage.

Sakliste:

Vinteridyll på Røysaleite
Vinteridyll på Røysaleite

1.Godkjenning av innkalling

2.Val av ordstyrar og referent

3.Årsmelding

Årsmelding 2018

4.Rekneskap

5.Kontingent

6.Val

7.Tiltaksplan

8.Ymse

Før me startar på sakene vil ein representant frå kommunen informere om utbygginga i Henjadalen og svare på spørsmål.

Andre saker kan meldast til styret@roysaleite.no innan onsdag 20.2. Sakspapir blir publiserte fortløpande på denne nettsida.   

Spørsmål kan rettast til leiar Mari Aune (mobil 932 86 541).

Utnyttingsgraden på Røysaleite auka til 0,30

Vi vedtok på årsmøtet 2018 at vi ønska å be kommunen om å auke utnyttingsgraden innanfor planområdet Røysaleite frå 0,15 til 0,30. Dette var argumentasjonen vår:

Utnyttingsgrad i reguleringsplanen er maksimum 0,15. Denne utnyttingsgraden er låg samanlikna
med andre samanliknbare reguleringsplanar i Leikanger, til dømes reguleringsplan for Monken
(1989) som er på 0,30 og Bustadfeltet Dalen 2 (endring 1985) der U= 0,25. Bustadområdet
Røysaleite er utbygd som einebustadområde, i stor grad utan garasjar i første omgang. Ein del av
tomtene er i dag utbygd slik at bustadhus åleine, eller bustad saman med garasje eller uthus
utgjer om lag, eller meir enn, maksimal utnyttingsgrad. Dette gjer at tomteeigarar som ønskjer
betre utnytting av tomta, til dømes for å gjennomføre mindre tiltak som uthus eller garasje har
vanskelig for å gjere dette innanfor gjeldande reguleringsplan, utan å få dispensasjon frå plan for å
realisere byggeplanen. Prosessen for å søke dispensasjon er kostbar og tidkrevjande for
grunneigaren, samstundes som det er ressurskrevjande for kommunen å handsame sakene.
Sommaren 2017 vart plan og bygningslova endra for å forenkle sakshandsaminga knytt til enkle
byggetiltak, som garasjar og uthus, ved at enkle tiltak under visse føresetnader vart unntatt frå
søknadsplikt etter plan og bygningsloven. Å legge til rette for enklare sakshandsaming av slike
tiltak er slik i tråd med nasjonale føringar.

27. september blei ny arealplan for Leikanger kommune vedteken. Arealplanen gjeld foran reguleringsplanen der det er motstrid. I ny arealplan er utnyttingsgraden auka til 0,30, i tråd med grendalaget sitt årsmøtevedtak. Vi syns det er flott at kommunen har vedteke denne endringa!

 

Årsmelding for grendalaget 2017

Generelt

Området som soknar til grendalaget – Elihaug, Stytti, Dalhjellevegen, Hovdavegen, Nilstræet, Haugane og Kolabakken, har til samane 65 husstander. Av desse var i 2017 33 medlemmar. Vi syns det er flott med mange medlemmar.

Styret

Styret har i 2017 bestått av Sindre B. Ramung – leiar (Haugane), Rune Røysum  – kasserar (Kolabakken) og Anders Yri (Kolabakken). Mari Buene (Elihaug) og Olaug Marie Takle (Nilstræet) har vore vararepresentantar til styret.

Styret har hatt tre møte i 2017.

Valnemnd for 2017-18 har vore Idun A. Husabø og Olaug Marie Takle.

Årsmøte

HenjahauganeÅrsmøtet 2017 blei halde i det blå huset i Henjahaugane barnehage. Rune Røysum og Anders Yri beli attvalde til styret for nye to år.

Aktivitet

Det har blitt halde to større dugnadar – ein om våren og ein om hausten. I tillegg til dette har det vore gjennomført ein del arbeid med å setje i stand benkebord, traktor-leikestativ, disser og lavvo. Dette gjorde vi på dugnad i år:

  • Rydda vegetasjonTraktor-maling
  • Plukka boss
  • Malte listverket på dokkestova
  • Bygde trommel-traktor
  • Olja leikestativ
  • Bygde lavvo
  • Bytta ut disser
  • Bytta bord i ballveggen i Nilstræet

I tillegg til dette har fleire bidrege til å få slått graset på fellesareala i Dalhjellevegen og Nilstræet. Ingen nemnd, ingen gløymd.

JonsokI tillegg til dugnadene har vi hatt jonsokfeiring med bål og leiker, utemiddag i den nye lavvoen og romjulsgraut, også den i lavvoen. Vi tek sikte på endå fleire samankomstar i 2018.

Nye leikeapparat, benkebord og lavvo

I året som gikk søkte grendalaget Sparebanken Vest, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Leikanger kommune om midlar til diverse tiltak. Vi fekk tilsegn hos samtlege.

Resultatet blei ny lavvo, benkebord og bålpanne. Takk, Sparebankstiftinga SFj for

Grendalaget sin lavvo
Grendalaget sin lavvo i Nilstræet

gåva og Per Røysum for å ha bygd benkebordet til oss! Takk også til Leikanger kommune for støtte til frakt av lavvoen og for positiv respons på byggjesøknad. For ikkje å gløyme Erling Røysum AS som ga oss paller til å sitje på i lavvoen. Lavvoen og bålpanna (som har både takke og grillrist) kan lånast av alle medlemmar når som helst. Vi anbefaler likevel å sende ein e-postn til styret@røysaleite.no i forkant for å unngå kolliderande arrangement.

Sparebanken Vest ga oss pengar til å kjøpe sklie, vippedyr og disser. Takk til sparebanken! Vi har fått sklie, dumpedisse og vippedyr som vil bli montert så snart våren kjem. 3 av 4 disser er skifta ut. Og den siste er kjøpt inn og klar til montering.

Asfaltering

Grendalaget har vore i kontakt med kommunen om asfaltering av vegar og fortau i området vårt. Hausten 2017 kom maskiner og asfalterte dei mest nødvendige strekka. Dette syns vi er supert!

Kraftutbygging

I 2018 startar veg- og kraftutbygging i Henjadalen. Det vil bli meir trafikk langs Kleppavegen. Grendalaget har vore i kontakt med kommunen og gitt signal om at vi ønskjer å diskutere med utbyggjar korleis ein kan sikre trafikktryggleik i anleggsperioden.

Diverse

Grasrotandel

Røysaleite grendalag er mottakar av grasrotmidlar. For dei som har lyst å støtte oss litt ekstra, kan ein enkelt registrere seg som givar ved å sende SMS <Grasrotandelen 918349669> til 2020. Takk til givarane våre!

Årsmøte i grendalaget 28.2 kl 20

Røysaleite grendalag inviterer nye og gamle medlemmar til årsmøte 28. februar kl 20 i Henjahaugane barnehage.

Sakliste:

  1. Godkjenning av innkalling
  2. Val av ordstyrar og referent
  3. Årsmelding
  4. Rekneskap
  5. Kontingent
  6. Val jfr § 5
  7. Tiltaksplan
  8. Innspel til endring av reguleringsplan for Røysaleite
  9. Ymse

Andre saker skal vere meldt inn til styret@roysaleite.no innan onsdag 21.2. Innkalling kjem i postkassene i løpet av kort tid. Sakspapir blir publiserte på Røysaleiteveven etter kvart.