Jonsokfeiring

Bli med å feire Jonsok med naboane! Som i fjor tenner vi opp bål på fotballbana i Nilstræet og samlast til grilling, leik og hygge. Arrangementet passar like bra for store som for små. Ta med grillmat og bli med!

Tid: Laurdag 24. juni kl 17.00

Stad: Nilstræet

Vi ber alle som har kvist, greinar eller uimpregnerte plankar og som ikkje ønskjer å køyre desse heilt til Kvålen om å deponere attmed fotballbana. Slik får vi meir føde til bålet.

Jonsokbål
Jonsokbål

Meir pengar til grendalaget – Sparebankstiftinga blar opp!

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane løyver 40.000 kr til grendalaget for å skape gode møteplassar i nabolaget vårt. Tusen takk til stiftinga for den fine gåva!

Søndag kom nyhenda om at grendalaget får 30.000 kr til opprusting av leikeplassane med nye apparat.

Med desse tilskota blir det nye leikeapparat og benkar i Dalhjellevegen og Nilstræet og lavvo med grue i Nilstræet.

Sparabankstiftinga logo
Sparabankstiftinga Sogn og Fjordane gir pengar til grendalaget

Dugnad på Røysaleite 6.5 kl 10

Grendalaget inviterer til dugnad i Hovdavegen/Dalhjellevg, Kolabakken og Nilstræet 6.5 kl 10 med følgjande aktivitetar:

Rydding av vegetasjon
Bossplukking
Male listverket på dokkestova
Bygge trommel-traktor
Olje leikestativ

Møt opp på ein av dei tre leikeplassane på Røysaleite. Ta gjerne med spade, rake eller greinsaks.

Frå kl 14.30 blir det grillfest og vaflar i Nilstræet. Ta med grillmat og bli med!

Spørsmål kan rettast til styret: (styret@roysaleite.no; mobil 976 82 499 – leiar, Sindre B.R.)

Dugnad

No kan du gi grasrotmidlar til grendalaget!

No kan du gi grasrotandelen din til Røysaleite grendalag når du speler hos Norsk Tipping!

Grasrotandel

Røysaleite grendalag er registrert i Firvilligheitsregisteret, noko som betyr at du kan gi grasrotandelen din – 5% av speleinnsatsen – til grendalaget. Dette kan du enkelt gjere ved å sende SMS <Grasrotandelen 918349669> til 2020 eller ved å gå til https://www.norsk-tipping.no/grasrotandelen#search=918349669 og klikke «Tilknytt».

Årsmøtet 2017 blir 28.2.

Det blir årsmøte 28. februar kl 20.00 i Henjahaugane barnehage, «det blå huset» (annekset).. Sakliste:

  1. Godkjenning av innkalling
  2. Val av ordstyrar og referent
  3. Årsmelding for Røysaleite grendalag 2016
  4. Årsrekneskap 2016 (revidert rekneskap blir lagt fram i møtet)
  5. Kontingent
  6. Val
  7. Innkomne framlegg

Klikk på saka for å finne sakspapira.

Henjahaugane barnehage
Det blå huset i Henjahaugane barnehage

Framlegg til tiltak eller spørsmål kan sendast til styret@roysaleite.no eller rettast til leiar Sindre B. Ramung (mobil 976 82 499).

Kva vil du vi skal finne på i år?

Røysaleite 31031
Heller Røysaleite 31031 enn Beverly Hills 90210

Godt nyttår til alle på Røysaleite!

Vi held fram med å forbetre fellesareala i grenda og vil gjerne høyre frå deg om kva du meiner vi bør prioritere i 2017.

Her er dei innspela vi har fått inn så langt (i uprioritert rekkefølgje):

  • Leikeplassane i Dalhjellevegen og i Nilstræet: Skaffe fleire bord og stolar til sosiale samankomstar
  • Dokkestova i Nilstræet: Setje i ei siste pleksiglassrute eller ein lem i vindauget i dokkestova og male siste strøk på listverket
  • Dokkestova i Nilstræet: Kjøpe inn møblar -td. leike-kjøkkenbenk
  • Leikeplasse i Nilstræet: Setje opp klatre-lem til tårnet for å binde det saman med balanse-løypa
  • Leikeplassen i Nilstræet: Setje opp klatre-pyramide
  • Leikeplassen i Dalhjellevegen: Erstatte den siste gamle huska og opphenga
  • Leikeplassen i Nilstræet: Bygge traktor med kabelstromlar.
  • Fotballbana i Nilstræet: Setje opp ballfangar
  • Fotballbana i Nilstræet: Ny grus+tromling
  • Fotballbana i Nilstræet: Nytt mål
  • Fotballbana i Nilstræet: Rehabilitere ballveggen med nye bord – evt. male på «blink» og/eller montere klatretak til enkel «buldring»
  • Grenda: Kjøpe bålpanne og byggje gruer på fellesareala i Nilstræet og Dalhjellevegen
  • Hovdavegen: Setje opp gjerde mot Henjadalen for å halde sau på plass
  • Sandkassene i Dalhjellevegen, Kolabakken og Nilstræet: Fylle på med ny sand
  • Postkassestativa: Rehabilitere stativa med nye bord, maling og tak (Dalhjellevegen)

Er det andre ting du meiner vi burde ta tak i? Skriv gjerne eit innlegg her!

Haustdugnad på leikeplassen på Røysaleite

Bli med oss på haustdugnad på leikeplassen på Nilstræet! Dette er oppgåvene vi ønskjer å ta tak i:

  • Setje i pleksiglassrute i dokkestova
  • Snikkre klatre-lem til tårnet (for å binde det saman med balanse-løypa)
  • Setje opp klatre-pyramide
  • Henge opp nye husker – 3 stk (om desse blir levert i tide)
  • Bygge traktor med kabelstromlar.

Vi lagar til noko godt å ete og drikke til alle mot slutten av dugnaden. Ta gjerne med ungane! Yr.no melder førebels om godt ver:-)

Leikeplassen i Nilstræet
Leikeplassen i Nilstræet

Uttale om trafikktryggleik

img_1785 img_1783 img_7835 img_7832Grendalagsstyret har sendt kommunen ei uttale om trafikktryggleiken i grenda med forslag til tiltak:

 

Leikanger kommune <postmottak@leikanger.kommune.no>

kopi: Mari Johansen Aune, Leikanger kommune <mari.johansen.aune@leikanger.kommune.no>

 Leikanger, 20.9

Vi viser til den pågåande arealplanprosessen, der vi forstår at det m.a. vil vere fokus på trygg veg til skule og barnehage for ungane.
I Røysaleite-grenda, er det fleire stader der vi meiner at trafikktryggleiken kan utbetrast med enkle tiltak. Tiltaka er ikkje nødvendigvis kostbare, og vi trur effekten av tiltaka kan verte stor, sidan vegene i området Kleppavegen-Kolabakken-Nilstræet blir brukt både av ungar i grenda og av dei som er på veg til og frå barneskulen som høyrer heime i andre delar av bygda. Her er grendalaget sine innspel:
  1. Fleire kryssar Kleppavegen ved Nilstræet på veg til og frå skulen. Det er ingen oppmerking på staden verken for fotgjengarar eller billistar. Næraste fotgjengerovergang er ved Kolabakken, som ligg bort i mot 100 m lengre nede i Kleppavegen og truleg ikkje vil vere aktuell for ungar frå området rundt Henjahaugane og øvre del av Røysaleite/Kleppavegen. Overgangsfelt med skilting ville vere bra (IMG_7855 og IMG_1783)
  2. I Kolabakken finst det ingen skilt som syner fartsgrensa. Fleire køyrer fort ned gata. Mange ungar leiker i området, og det finst ein offentleg leikeplass midt i Kolabakken som ligg rett ved vegen. Skilting kunne bidra til lægre fart i gata.
  3. Det står ofte bilar parkert i svingen nedom Kolabakken. Parkerte bilar gjer at ungar på skulevegen må gå utanom dei parkerte bilane og ut i vegen, eller at dei må krysse vegen på ein stad som er uoversiktleg. Grendalaget ynskjer eit parkeringsforbod i svingen under Hovdavegen (IMG_1785)
  4. Det manglar ei lyktestolpe i Hovdavegen, der berre sokkelen og straumkablane står att. Området er mørkt i vinterhalvåret. Det ville hjelpe på trafikktryggleiken om lyktestolpa blei sett opp att (IMG_7836)
  5. Det er relativt djupe hol og manglande asfalt på fortauet i Kleppavegen og i Kolabakken. Ungar kan få sykkelhjul ned i hola eller skli på grusen der asfalten er skrelt heilt bort. Vi foreslår at hola blir tetta (IMG_7832)
Vi håpar at kommunen ønskjer å sjå på innspela og vurdere å gjennomføre nokre av tiltaka.

 

Venleg helsing

for Røysaleite grenda
Sindre Børsheim Ramung
styreleiar
mobil 976 82 499​​