Jonsok-feiring på Røysaleite

Bada i varmt solskinn blei det ei fin ramme rundt jonsokfeiringa på Nilstræet. Vi fekk bål-løyve og kvisthaugen frå siste dugnaden gikk opp i fyr og flamme. Ikkje like høgt bål som på Nokkanes, men i alle fall lett antenneleg og velduftande, takka vere all einer-veden.

Jonsok1 Jonsok2 Jonsok3 jonsok5 jonsok6jonsok4

Vi satsar på at jonsok-tradisjonen med fest i Nilstræet med dette er gjenoppliva, og ønskjer alle velkommen til å bli med til neste år!

Jonsok-feiring 23.6 for heile grendalaget i Nilstræet

Grendalaget inviterer til jonsok-feiring kvelden torsdag 23. juni kl 17.00 – sjølve jonsokafta – på friområdet i Nilstræet.

Jonsokbål
Jonsokbål

Vi søker om å få brenne bål, og det blir grilling og leik for ungane. Ta med noko å ete og drikke og bli med!

Vi kjem tilbake med fleire detaljar når det nærmer seg, men sett av datoen i kalenderen alt no:-)

(Jonsokfesten på Nokkanes i regi av Opplev Leikanger og Sognefjord hotel er i år laurdag 18. juni).

Eventuelle spørsmål kan postast i kommentarfeltet eller sendast styret@roysaleite.no

God dugnad i Nilstræet

Grendalaget gjennomførte ein god dugnad på leikeplassen i Nilstræet. Dette fekk me gjort:

Me grunna dukkehuset. Dukkehuset er no klart til å malast i rørosraudt med kvitt listverk.

Dukkehuset blei grunna
Dukkehuset blei grunna

Me lagde ein balanse-avdeling med revitalisert balansestokk (den gode, gamle på nye føtter) og nedgravde bildekk og stokkar til å hoppe eller hinke på.

Bildekk til å hoppe og hinke på
Bildekk til å hoppe og hinke på
Heile balanseseksjonen
IMG_8292
Balansestokken har fått nytt liv

Me sette opp tårnet og brua som tidlegare sto på barneskulen.

Leiketårnet frå barneskulen er flytt til Nilstræet
Leiketårnet frå barneskulen er flytt til Nilstræet

Sandkassa blei fylt med meir sand og fekk nye topp-bord.

Sandkassa er fiksa opp
Sandkassa er fiksa opp

Me spente opp stram line som ungane kan bryne seg på. Under har me fylt på med sand.

Stram line ved dokkestova
Stram line ved dokkestova

Og fleire var i sving med å rydde vegetasjon og stein.

Kvisthaugen etter ryddesjauen
Kvisthaugen etter ryddesjauen

Etter dugnaden avslutta me med grilling og is.

Grillfest i Nilstræet
Grillfest i Nilstræet

Tusen takk til alle som deltok på dugnaden!

Neste dugnad i grendalag-regi blir på fellesområdet i Dalhjellevegen i haust.

 

Dugnad på fellesområdet i Nilstræet 21.5

Vi har planlagt dugnad på fellesområdet i Nilstræet laurdag 21.5. Detaljane er ikkje heilt fastsett enno og meir informasjon vil komme, men vi tek sikte på å i alle fall prioritere desse tiltaka:

  • Male og møblere dokkestova
  • Montere balanseutstyr
  • Utbetring av ballveggen ved Nilstræet
  • Nye bord og sand til sandkassa
  • Slå på fellesområdet

Dokkehuset i Nilstræet

Ved godt oppmøte ønskjer styret å prioritere rydding av vegetasjon og fjerning av mose frå stien gjennom fellesområdet.

Etter dugnaden håpar vi det blir godt nok ver til å ha ein liten grillfest i lag.

Oppsummering frå synfaring i Hovdavegen og Dalhjellevegen

Grendalagsstyret gjennomførte synfaring  i Hovdavegen og Dalhjellevegen i desember som oppfølging etter innspel på årsmøtet. Petter Stenstadvoll var med som kjentmann. Styret noterte seg desse momenta som vi ønskjer å følgje opp vidare:

  • Dårleg asfalt og overvannsproblematikk i Hovdavegen: Innspel til kommunen.

IMG_7833IMG_7841IMG_7848

  • Redusert gatebelysning, ei lyktestolpe er velta: Innspel til kommunen.

IMG_7836IMG_7837

  • Bilar parkert i svingen ved Hovdavegen, slik at ungar på veg til og frå skulen må ut i vegen for å komme forbi: Innspel til kommunen.IMG_7847
  • Treng eit nytt bord til fellesarealet: Styret vurderer om det er mogleg å skaffe eit bord til.