Vi har planlagt dugnad på fellesområdet i Nilstræet laurdag 21.5. Detaljane er ikkje heilt fastsett enno og meir informasjon vil komme, men vi tek sikte på å i alle fall prioritere desse tiltaka:
- Male og møblere dokkestova
- Montere balanseutstyr
- Utbetring av ballveggen ved Nilstræet
- Nye bord og sand til sandkassa
- Slå på fellesområdet
Ved godt oppmøte ønskjer styret å prioritere rydding av vegetasjon og fjerning av mose frå stien gjennom fellesområdet.
Etter dugnaden håpar vi det blir godt nok ver til å ha ein liten grillfest i lag.