Styret
Styret har i perioden bestått av:
Styreleiar: Mari Johansen Aune
Kasserar: Rune Røysum
Styremedlem: Sindre Ramung
Vara: Stian Bøyum
Vara: Ruthild Dale
Styret har hatt 2 styremøter i løpet av året, eit i mars og eit i september. Referat frå møta er lagt ut på nettsida www.roysaleite.no og på Facebook-sida (Røysaleite grendalag) etter kvart møte.
Grendalagsstyret 2018
Medlemstal
Grendalaget har 40 husstander som medlemmar, dvs. meir enn halvparten av alle husstander i området til grendalaget.
Aktivitet
Årsmøte i Røysaleite grendalag vart holdt i Henjahaugane barnehage 28.02.2018.
Grendalaget arrangerte dugnad på leikeplassen i Nilstræet den 21. mai 2018. På dugnaden vart det montert ny sklie, det vart bygd benkar av paller til lavvoen og fellesområda vart rydda for kvist og kratt. På leikeplassen i Dalhjellevegen vart det sett opp nye husker og eit nytt vippedyr. Grendalaget fekk og sett på plass eit nytt benkebord på leikeplassen i Nilstræet, som var ei gåve frå Hilde Katrine Engeli og Tone Sætrenes Hellebust. I tillegg til dugnad var det sosialt samvær med steiking av sveler og nysteikte bollar.
Grendalaget vil nytte høvet til å takke alle som har vore med på dugnad og som på anna vis har bidrege til dei fine fellesareala våre i 2018!
Grendalaget arrangerte Jonsokbål for store og små i nabolaget på leikeplassen i Nilstræet den 24. Juni.
I oktober arrangerte grendalaget samling for nabolaget i lavvoen på leikeplassen med steiking av hellekaker på bålpanna. Ei triveleg samling med rundt 20 frammøtte!
Leikeplassane i grendalaget er til glede for mange i nabolaget. Lavvoen i Nilstræet vert mellom anna også nytta av både speidaren og Henjahaugane barnehage med jamne mellomrom. Grendalaget organiserer gratis utlån av bålpanne til bruk i lavvoen.
På årsmøtet fatta grendalaget vedtak om å sende innspel til kommunen med ønske om endring av utnyttingsgraden i reguleringsplanen for Røysaleite frå 0,15 til 0,30. I tråd med dette vart skriftleg innspel sendt til kommunen og innspelet er tatt til følge i kommunen sitt framlegg til ny kommuneplan. Informasjon
Informasjon
Grendalaget har i perioden nytta nettsida www.roysaleite.no på Facebook som informasjonskanalar. I tillegg er informasjon om årsmøte spreidd på papir i postkasser.
Grasrotmidlar
Røysaleite grendalag er mottakar av grasrotmidlar. For dei som har lyst å støtte oss litt ekstra, kan ein enkelt registrere seg som givar ved å sende SMS <Grasrotandelen 918349669> til 2020. Takk for støtta til givarane våre!