Oppstart utbygging i Henjadalen

På grendalagsårsmøtet 27. februar kom Elisabeth Sveen Eikenes frå Leikanger kommune og orienterte om utbygginga i Henjadalen i samband med etablering av Leikanger kraftverk og nytt vassverk. Her deler vi notat frå Elisabeth si orientering.

Første byggjesteg vil omfatte forsterking av bruer ved Flya. Dette arbeidet truleg startar hausten 2019. Detaljane er ikkje på plass og kommunen vil vite meir i sommar og kan informere meir då.

Provisorisk vassforsyning frå Lundene vil bli anlagt over skulen sitt område, Kolabakken og opp til dagens reinseanlegg. Utbyggjar prøver å unngå anleggsverksemd i skulen si opningstid. Den provisoriske vassleidninga skal vekk når nytt drikkevassanlegg ved Traståna er i drift.

Etter kvart blir det anlagt vassleidning og ny veg opp dalen. Den nye vegen vil ha betre standard enn dagens. Maskinene som skal byggje vegen vil ha tilkomst langs dagens veg inn Henjadalen. Det blir truleg restriksjonar på ferdsel i Henjadalen i anleggsperioden, men det vil komme meir informasjon om dette etter kvart.

Grendalaget har signalisert overfor kommunen at vi ønskjer vidare dialog med dei og med utbyggjar. Vi vil dele all informasjon vi mottek frå desse aktørane fortløpande.