Det blei digitalt årsmøte i grendalaget i åra. Her kjem nokre høgdepunkt frå møtet.
Sitjande grendalagsleiar, Linn Sofie S. Ugulen, blei attvald for to nye år.
Styremedlem Mari J. Aune blei også attvald for nye to år.
I tillegg blei følgjande varaer til styret valde: Ruthild Dale, Hilde Katrine Engeli og Espen Sæterbø. Årsmøtet utvida varalista med ein vara til, for å sikre eit godt og operativt styre.
I 2022 ønskjer årsmøtet at grendalaget prioriterer desse tiltaka og aktivitetane:
- Maling og vedlikehaldsarbeid på dokkestova i Nilstræet
- Brunsnegleaksjonen del 2
- Undersøke moglegheitene for lykter på leikeplassane i Dalhjellevegen og Nilstræet. Innkjøp viss tekniske og økonomiske vilkår verkar OK
- Setje opp ballfangar bak det nye målet på ballbana
- Dugnad m/vedlikehald og rydding av vegetasjon
- Vurdere å stå for Open hall
- Utvide laftesett og olje delane, bygge kasser til oppbevaring
- Planlegge for opprusting av lavvoen
- Arrangement og aktivitetar som engasjerer fleire på Røysaleite
Kontingentsatsen for 2022 ligg fast på kr 200, slik han har gjort i fleire år.
Heile protokollen frå årsmøtet finn du her.