For ei feiring vi hadde i går! Takk til alle som møtte opp 🙂
Høgtidleg snorklipping, fotballkake, bollar, kaffi og saft – for ei stemning det var!
No ser vi fram til mykje moro og hyggelege hauststunder i grendalaget vårt.
Takk til alle som bidro på dugnaden på torsdag. Vi vart ein god gjeng på sjølve dugnadsdagen, og fleire ville fullføre påbegynte prosjekt i dagane etterpå.
Leikeplassane fekk ein skikkeleg kickstart på vår- og sommarsesongen 🙂 Benkeborda på Stytti og Nilstræet fekk ein grundig gjennomgang med pussemaskin og beis. Lavvoen fekk ein real vårvask. Dokkestova i Dalhjellevegen fekk eit løft med målekost og pynt. Elles vart det rydda kvist og kvast.
Håpar vi sjåast masse i det flotte grendalaget vårt utover våren og sommaren! Her er nokre bilete:
Styret i grendalaget har konstituert seg. Vi har stokka om på nokre rollar, og har ny kasserar på plass.
Vi blir glade for alle innspel og innsats for nærområdet vårt!