Oppsummering frå synfaring i Hovdavegen og Dalhjellevegen

Grendalagsstyret gjennomførte synfaring  i Hovdavegen og Dalhjellevegen i desember som oppfølging etter innspel på årsmøtet. Petter Stenstadvoll var med som kjentmann. Styret noterte seg desse momenta som vi ønskjer å følgje opp vidare:

  • Dårleg asfalt og overvannsproblematikk i Hovdavegen: Innspel til kommunen.

IMG_7833IMG_7841IMG_7848

  • Redusert gatebelysning, ei lyktestolpe er velta: Innspel til kommunen.

IMG_7836IMG_7837

  • Bilar parkert i svingen ved Hovdavegen, slik at ungar på veg til og frå skulen må ut i vegen for å komme forbi: Innspel til kommunen.IMG_7847
  • Treng eit nytt bord til fellesarealet: Styret vurderer om det er mogleg å skaffe eit bord til.

 

Synfaring i Hovdavegen og Dalhjellevegen laurdag 21.11 kl 9.00

Det vert synfaring i Hovdavegen og Dalhjellevegen med grendalagsstyret laurdag 21.11 kl 09.00. Vi startar ut frå Hovdavegen 8.

Planen er å sjå spesielt på asfaltkvaliteten, leikeplassen, snarvegen til skulen og attgroiing. Viss nokon har andre saker som gjeld området, kan dei delta på synfaringa eller poste ein kommentar under dette innlegget.

 

Dugnad på leikeplassen på Midtfeltet

Grendalagstyret har gjennomført dugnad på leikeplassen på Midtfeltet, mellom Nilstreet og Haugane.

Vi har skifta tak på dokkehuset (dokkehuset hadde rottent tak som var lekk), lagt duk i sandkassa og ny spesialsand som skal halde kattene på avstand. Vi har også rydda vekk ein del gamal sprake og klunger rundt dokkehuset.

Dokkehuset på Midtfeltet
Dokkehuset på Midtfeltet har fått nytt tak
Mindre sprake
Det har blitt mindre sprake rundt dokkehuset
Sandkassa
Torven er vekke og erstatta med ny kattefri-sand. Under er det lagt duk i håp om at ugress og torv ikkje finn vegen tilbake

Dette jobbar grendalaget med no

Oppgradering av leikeapparat 

Midtfeltet (Nilstreet/Haugane): Grendalaget har søkt kommunen om støtte til å oppgradere eksisterande leikeapparat og supplere med nye. Søknaden er til handsaming hos kommunen. Styret har gjennomført dugnad der dei har sett på nytt tak på dokkestova, lagt duk i botn på sandkassa og køyrt på med ny, «kattefri» sand. Takk til kommunen som har gitt oss sand!

Kolabakken: Grendalaget har løvya midlar til port, slik at leikeplassen blir trygg for ungane og offentleg tilgjengeleg frå Kolabakken. Porten er alt på plass.

Hovdavegen/Dalhjellevegen: Styret gjennomfører synfaring og vil snakke med bebuarane i området.

Medlemskap i interesseforeining for grendalag

Styret undersøker behovet for medlemskap i den nasjonale interesseforeininga for grendalag og fremmar innstilling på årsmøtet. Medlemskap gir forsikring mm.

Heimeside og Facebook-side

Det er oppretta heimeside for grendalaget (der du befinn deg no) og Facebook-side, www.facebook.com/roysaleite/ Følg oss på web og på Facebook!

Asfaltering/vedlikehald av veg

Grendalaget vil spele inn til kommunen ei prioritert liste på maks tre-fire veg-stubbar. Styret tek ei synfaring rundt om i grenda.

Gjennomkøyring Elihaug

Styret vil undersøke om det er eit problem med gjennomkøyring frå øvst i Kleppavegen og vil høyre med nærmaste naboar på Elihaug om kva dei ønskjer.

 

Vegetasjon som «står i vegen»

Det finst ein del vegetasjon som står i vegen, både på fellesareal og på private område. Styret ønskjer å spørje Petter Stenstadvold om å vere ressursperson og organisere rydding av friområde, t.d. i Dalhjellevegen.

Ny dugnad 

Vi vil planlegge ny dugnad til våren. Dato kjem seinare.