Utnyttingsgraden på Røysaleite auka til 0,30

Vi vedtok på årsmøtet 2018 at vi ønska å be kommunen om å auke utnyttingsgraden innanfor planområdet Røysaleite frå 0,15 til 0,30. Dette var argumentasjonen vår:

Utnyttingsgrad i reguleringsplanen er maksimum 0,15. Denne utnyttingsgraden er låg samanlikna
med andre samanliknbare reguleringsplanar i Leikanger, til dømes reguleringsplan for Monken
(1989) som er på 0,30 og Bustadfeltet Dalen 2 (endring 1985) der U= 0,25. Bustadområdet
Røysaleite er utbygd som einebustadområde, i stor grad utan garasjar i første omgang. Ein del av
tomtene er i dag utbygd slik at bustadhus åleine, eller bustad saman med garasje eller uthus
utgjer om lag, eller meir enn, maksimal utnyttingsgrad. Dette gjer at tomteeigarar som ønskjer
betre utnytting av tomta, til dømes for å gjennomføre mindre tiltak som uthus eller garasje har
vanskelig for å gjere dette innanfor gjeldande reguleringsplan, utan å få dispensasjon frå plan for å
realisere byggeplanen. Prosessen for å søke dispensasjon er kostbar og tidkrevjande for
grunneigaren, samstundes som det er ressurskrevjande for kommunen å handsame sakene.
Sommaren 2017 vart plan og bygningslova endra for å forenkle sakshandsaminga knytt til enkle
byggetiltak, som garasjar og uthus, ved at enkle tiltak under visse føresetnader vart unntatt frå
søknadsplikt etter plan og bygningsloven. Å legge til rette for enklare sakshandsaming av slike
tiltak er slik i tråd med nasjonale føringar.

27. september blei ny arealplan for Leikanger kommune vedteken. Arealplanen gjeld foran reguleringsplanen der det er motstrid. I ny arealplan er utnyttingsgraden auka til 0,30, i tråd med grendalaget sitt årsmøtevedtak. Vi syns det er flott at kommunen har vedteke denne endringa!

 

Vi har fått lavvo!

Endeleg er grendalaget sin lavvo på plass i Nilstræet!

Lavvoen er romsleg og kan huse opptil 25 personar. Vi har skaffa pallar til å sitje på, men tek sikte på å «raffinere» sitjeplassane noko meir etterkvart.

Grendalaget sin lavvo
Grendalaget sin lavvo i Nilstræet

Sidan lavvoen er felleseige, er det berre for medlemmane i grendalaget å bruke han. Send ein e-post til styret@roysaleite.no viss de ønskjer å bruke lavvoen til eit planlagt arrangement og vil sikre dykk at han er ledig. Elles er det sjølvsagt berre å samlast spontant i lavvoen når ein får lyst.

Det finst bålpanne også til lavvoen, som inntil vidare står hos Sindre B. Ramung, Haugane 8 (nabo til lavvoen). Også bålpanna er felleseige, så den er det berre å låne. På sikt skal vi få til ei trygg plassering av bålpanna i lavvoen, slik at denne kan stå framme heile tida.

 

Litt nytt frå leikeplassen

Det har ikkje berre vore ferie på leikeplassen i Nilstræet i sommar…

Vi har fått ferdig leike-traktoren. Etter avstemning blant ungane blei det bestemt at traktoren skulle vere ein John Deer og malast i lysegrønt, lysegult og svart. Ungane var sjølv med og malte:

Traktor-maling

John Deer traktor

Ellers har Per Røysum vore så grei at han har bygd eit flott barnebord til oss:

Barnebord

Eit tilsvarande bord kjem om kort tid på leikeplassen i Dalhjellevegen.

Elles ventar vi på å få levert ein flott 20-manns lavvo som vi skal setje opp på leikeplassen i Nilstræet, i tillegg til ny dumpehuske, sklie og nytt nett til målet på ballbana.

Bålpanne til låns

Grendalaget har kjøpt ei bålpanne som kan brukast til grilling, steiking og suppe-/kaffikoking utandørs.

Panna står førebels hos Sindre B. Ramung, Haugane 8, men skal på sikt plasserast i lavvoen grendalaget planlegg å setje opp i Nilstræet. Viss nokon i grenda ønskjer å låne bålpanna, er det berre å ta kontakt med Sindre (mobil 976 82 389).

Bålpanne
Bålpanne

No kan du gi grasrotmidlar til grendalaget!

No kan du gi grasrotandelen din til Røysaleite grendalag når du speler hos Norsk Tipping!

Grasrotandel

Røysaleite grendalag er registrert i Firvilligheitsregisteret, noko som betyr at du kan gi grasrotandelen din – 5% av speleinnsatsen – til grendalaget. Dette kan du enkelt gjere ved å sende SMS <Grasrotandelen 918349669> til 2020 eller ved å gå til https://www.norsk-tipping.no/grasrotandelen#search=918349669 og klikke «Tilknytt».

Kva vil du vi skal finne på i år?

Røysaleite 31031
Heller Røysaleite 31031 enn Beverly Hills 90210

Godt nyttår til alle på Røysaleite!

Vi held fram med å forbetre fellesareala i grenda og vil gjerne høyre frå deg om kva du meiner vi bør prioritere i 2017.

Her er dei innspela vi har fått inn så langt (i uprioritert rekkefølgje):

  • Leikeplassane i Dalhjellevegen og i Nilstræet: Skaffe fleire bord og stolar til sosiale samankomstar
  • Dokkestova i Nilstræet: Setje i ei siste pleksiglassrute eller ein lem i vindauget i dokkestova og male siste strøk på listverket
  • Dokkestova i Nilstræet: Kjøpe inn møblar -td. leike-kjøkkenbenk
  • Leikeplasse i Nilstræet: Setje opp klatre-lem til tårnet for å binde det saman med balanse-løypa
  • Leikeplassen i Nilstræet: Setje opp klatre-pyramide
  • Leikeplassen i Dalhjellevegen: Erstatte den siste gamle huska og opphenga
  • Leikeplassen i Nilstræet: Bygge traktor med kabelstromlar.
  • Fotballbana i Nilstræet: Setje opp ballfangar
  • Fotballbana i Nilstræet: Ny grus+tromling
  • Fotballbana i Nilstræet: Nytt mål
  • Fotballbana i Nilstræet: Rehabilitere ballveggen med nye bord – evt. male på «blink» og/eller montere klatretak til enkel «buldring»
  • Grenda: Kjøpe bålpanne og byggje gruer på fellesareala i Nilstræet og Dalhjellevegen
  • Hovdavegen: Setje opp gjerde mot Henjadalen for å halde sau på plass
  • Sandkassene i Dalhjellevegen, Kolabakken og Nilstræet: Fylle på med ny sand
  • Postkassestativa: Rehabilitere stativa med nye bord, maling og tak (Dalhjellevegen)

Er det andre ting du meiner vi burde ta tak i? Skriv gjerne eit innlegg her!

Uttale om trafikktryggleik

img_1785 img_1783 img_7835 img_7832Grendalagsstyret har sendt kommunen ei uttale om trafikktryggleiken i grenda med forslag til tiltak:

 

Leikanger kommune <postmottak@leikanger.kommune.no>

kopi: Mari Johansen Aune, Leikanger kommune <mari.johansen.aune@leikanger.kommune.no>

 Leikanger, 20.9

Vi viser til den pågåande arealplanprosessen, der vi forstår at det m.a. vil vere fokus på trygg veg til skule og barnehage for ungane.
I Røysaleite-grenda, er det fleire stader der vi meiner at trafikktryggleiken kan utbetrast med enkle tiltak. Tiltaka er ikkje nødvendigvis kostbare, og vi trur effekten av tiltaka kan verte stor, sidan vegene i området Kleppavegen-Kolabakken-Nilstræet blir brukt både av ungar i grenda og av dei som er på veg til og frå barneskulen som høyrer heime i andre delar av bygda. Her er grendalaget sine innspel:
  1. Fleire kryssar Kleppavegen ved Nilstræet på veg til og frå skulen. Det er ingen oppmerking på staden verken for fotgjengarar eller billistar. Næraste fotgjengerovergang er ved Kolabakken, som ligg bort i mot 100 m lengre nede i Kleppavegen og truleg ikkje vil vere aktuell for ungar frå området rundt Henjahaugane og øvre del av Røysaleite/Kleppavegen. Overgangsfelt med skilting ville vere bra (IMG_7855 og IMG_1783)
  2. I Kolabakken finst det ingen skilt som syner fartsgrensa. Fleire køyrer fort ned gata. Mange ungar leiker i området, og det finst ein offentleg leikeplass midt i Kolabakken som ligg rett ved vegen. Skilting kunne bidra til lægre fart i gata.
  3. Det står ofte bilar parkert i svingen nedom Kolabakken. Parkerte bilar gjer at ungar på skulevegen må gå utanom dei parkerte bilane og ut i vegen, eller at dei må krysse vegen på ein stad som er uoversiktleg. Grendalaget ynskjer eit parkeringsforbod i svingen under Hovdavegen (IMG_1785)
  4. Det manglar ei lyktestolpe i Hovdavegen, der berre sokkelen og straumkablane står att. Området er mørkt i vinterhalvåret. Det ville hjelpe på trafikktryggleiken om lyktestolpa blei sett opp att (IMG_7836)
  5. Det er relativt djupe hol og manglande asfalt på fortauet i Kleppavegen og i Kolabakken. Ungar kan få sykkelhjul ned i hola eller skli på grusen der asfalten er skrelt heilt bort. Vi foreslår at hola blir tetta (IMG_7832)
Vi håpar at kommunen ønskjer å sjå på innspela og vurdere å gjennomføre nokre av tiltaka.

 

Venleg helsing

for Røysaleite grenda
Sindre Børsheim Ramung
styreleiar
mobil 976 82 499​​

Jonsok-feiring på Røysaleite

Bada i varmt solskinn blei det ei fin ramme rundt jonsokfeiringa på Nilstræet. Vi fekk bål-løyve og kvisthaugen frå siste dugnaden gikk opp i fyr og flamme. Ikkje like høgt bål som på Nokkanes, men i alle fall lett antenneleg og velduftande, takka vere all einer-veden.

Jonsok1 Jonsok2 Jonsok3 jonsok5 jonsok6jonsok4

Vi satsar på at jonsok-tradisjonen med fest i Nilstræet med dette er gjenoppliva, og ønskjer alle velkommen til å bli med til neste år!