Årsmøte i Røysaleite grendalag

Røysaleite grendalag kallar inn til årsmøte i Henjahaugane barnehage (Rosa avd. – første inngang) måndag 24. februar kl 20.

Saker:
1.Godkjenning av innkalling og sakliste
2.Val av møteleiar og skrivar
3.Årsmelding
4.Val
5.Rekneskap
6.Kontingent
7.Handlingsplan

Sakspapir blir lagt ut her etter kvart som dei er klare:

Henjahaugane barnehage

Viss nokon har saker dei vil ha handsama eller tiltak dei ønskjer grendalaget skal prioritere det neste året, må dei gjerne sende innspel til styret@roysaleite.no

Styret håpar å sjå mange på årsmøtet. Velkommen!

Utelunsj i lavvoen

18. januar samla fleire familiar seg i lavvoen i Nilstræet og spiste lunsj saman rundt bålpanna.

Her er nokre foto:

Pølser og pinnebrød på bålpanna
Obs! Grilling pågår
Hygge i teltet
Nicolay og Amalie

Vi minner om at lavvoen kan brukast av alle grendalagsmedlemmane. Den er utrusta med bålpanne, kaffekjele, suppegryte, steiketakke og grillrist. Om ein vil vere sikker på at lavvoen er ledig, kan ein sende ein e-post til styret@roysaleite.no og booke.

Historisk vandring på Henja

Røysaleite grendalag arrangerte historisk vandring på Henja i strålande haustsol. Meir enn 40 personar deltok.

Marit Anita Skrede frå Sogelaget tok oss med til gravhaugane på Henjahaugane og fortalde om alt frå gravskikkar, til økonomi og matkultur hos vikingane. Ingen tvil om at området har lang historie og at det har skjedd mykje spennade på Henja og Røysa opp igjennom!

Vidare blei det stopp i Henjatunet der Marit og Inga Halsnes serverte spennande ting frå historia på Henja akkompagnert av varm eplegløgg og lefse.

Arrangementet hadde fått kulturmidlar frå Leikanger kommune i høve avviklinga av kommunen. Takk til Leikanger kommune!

Oppsummering frå infomøte om kraft- og vassverkutbygginga

Tysdag 27. august hadde grendalaget møte med Sognekraft om utbygginga av kraftverk og nytt vassverk i Henjadalen.

Anleggsarbeidet i Henjadalen vil pågå i 2-3 års tid. LNS er hyra inn av Sognekraft som entreprenør. Dei har starta med grunnarbeid på bekkeinntak, ledemurer for vatn ved inntaka og plattform for tverrslag i Henjadalen.

Hausten 2019 skal det vidare monterast kar for nye bruer ved Flya. Til dette arbeidet blir det brukt gravemaskiner som alt er på plass i Henjadalen og forsyningar frå helikopter. Det vil i tillegg bli sporadisk køyring inn dalen, seier Sognekraft, m.a. for å få inn forsyning av betong og ein borerigg. Det er i første omgang relativt få maskiner som vil vere i arbeid framme i dalen.

Etter kvart vil skogsentreprenør bli involvert i uttransportering av tømmer langs vegtraseen. Dette vil primært skje vinteren 2019-20. Uttaket har eit avgrensa omfang då traseen er berekna til ca 8 m breidde.

Vidare skal det leggjast 7,5 km vassleidning frå dagens inntak og fram til Traståna, samt ny veg oppå denne. Dette vil skje frå februar-mars 2020 og utover. Også vegen fram til dagens inntak vil bli rusta opp til å kunne tåle større køyretøy. Det vil bli etablert ein base for anlegget nederst i dalen, ved enden av Kolabakken. Her vil det vere brakkar.

Det aller meste av lausmassar til den nye vegen blir frakta inn i dalen gjennom tverrslaget frå Huksdalen, og skal såleis ikkje transporterast innover Henjadalen, seier Sognekraft. Massene vil bli knust i et knuseverk som vil stå ved tverrslaget nokså langt framme i dalen. Til transport av masser vil det vere behov for å køyre inn dumparar. Maskinene som skal byggje vassledning og veg vil starte fremst i dalen og bevege seg nedover. Om vinteren vil maskinene bli trekt lengre ned i dalen.

Trastadalsdammen innerst i Henjadalen skal rustast opp, men det vil ikkje bli bygd veg frå Traståna og opp til dammen. Dammen blir sikra med ny mur, mens fasaden med naturstein blir bevart som før. Dammen skal kunne tappast ned med 1 L pr døgn om det skulle oppstå krisesituasjon.

Når det gjeld landskapsinngrep, vil det ikkje vere nokon tipp i Henjadalen. Steinblokkar som blir fjerna, vil bli brukt til å plastre skuldra på nedsida av vegen med.

Bruken av vegen forbi dagens bom er styrt av kommunen og grunneigarane. Vegen vil ikkje vere open for ålmenta og i utgangspunktet ikkje bli brøyta.

Når det gjeld HMS seier Sognekraft at dei og entreprenøren LNS ønskjer å fokusere på tryggleik og førebyggje ulykker. Td. ønskjer dei å prøve å køyre i periodar med lite mjuke trafikkantar langs vegen. Dei oppmodar elles foreldre om å snakke med barna sine om trafikktryggleik og synlegheit langs vegen. Grendalaget har signalisert at det kan vere naudsynt å opprette dialog med barneskulen om trygg skuleveg i anleggsperioden.

Frå 2021 skal inntaka i Henjadalen vere i produksjon og anleggsarbeidet vil avsluttast.

Jonsokfeiring på Røysaleite 23.6


Bli med å feire Jonsok med naboane! Feiringa finn stad søndag 23. juni kl 17 i Nilstræet

Som tidlegare år samlast vi til grilling, leik og hygge. Ta med grillmat og bli med!

Har de kvist, greinar eller uimpregnerte plankar, kan de deponere desse attmed fotballbana. Slik får vi meir føde til bålet.

Spørsmål kan rettast til styret (styret@roysaleite.no; mobil 932 86 541– leiar, Mari Aune).

Grendalagsdugnad søndag 28.4

Grendalaget inviterer til dugnad på fellesareala i Dalhjellevegen, Stytti og Nilstræet søndag 28.4 kl 11-14. Dette er nokre av oppgåvene som vi ønskjer å få gjort:

  • Rydde fotballbana i Nilstreet og jamne ut dekket
  • rydding av kvist og kvast på fellesareala
  • impregnere lavvoen (viss veret tillet det)
  • pusse og (eventuelt) beise benkebord og leikeapparat på fellesareala
  • mm

Møt opp i Nilstræet. Ta gjerne med spade, rake, greinsaks eller andre redskap du trur vil komme til nytte.

Foto frå vårdugnad 2018 - leikeplassen i Dalhjellevegen.
Foto frå fjorårets vårdugnad – arbeid på leikeplassen i Dalhjellevegen

Frå kl 14.30 blir det grillfest og vaflar/hellekaker i Nilstræet. Ta med grillmat og bli med!

Spørsmål kan rettast til styret (styret@roysaleite.no)

Oppstart utbygging i Henjadalen

På grendalagsårsmøtet 27. februar kom Elisabeth Sveen Eikenes frå Leikanger kommune og orienterte om utbygginga i Henjadalen i samband med etablering av Leikanger kraftverk og nytt vassverk. Her deler vi notat frå Elisabeth si orientering.

Første byggjesteg vil omfatte forsterking av bruer ved Flya. Dette arbeidet truleg startar hausten 2019. Detaljane er ikkje på plass og kommunen vil vite meir i sommar og kan informere meir då.

Provisorisk vassforsyning frå Lundene vil bli anlagt over skulen sitt område, Kolabakken og opp til dagens reinseanlegg. Utbyggjar prøver å unngå anleggsverksemd i skulen si opningstid. Den provisoriske vassleidninga skal vekk når nytt drikkevassanlegg ved Traståna er i drift.

Etter kvart blir det anlagt vassleidning og ny veg opp dalen. Den nye vegen vil ha betre standard enn dagens. Maskinene som skal byggje vegen vil ha tilkomst langs dagens veg inn Henjadalen. Det blir truleg restriksjonar på ferdsel i Henjadalen i anleggsperioden, men det vil komme meir informasjon om dette etter kvart.

Grendalaget har signalisert overfor kommunen at vi ønskjer vidare dialog med dei og med utbyggjar. Vi vil dele all informasjon vi mottek frå desse aktørane fortløpande.