Referat frå årsmøtet i grendalaget
Her er referatet frå grendalagsårsmøtet
Kopi av årsmøtereferatet vi om kort tid vere å finne i postkassa di.

Sakspapir til årsmøtet
Her er sakspapira til grendalagsårsmøtet 23. februar:
Sak 4 – Rekneskap – vert delt ut på møtet
Spørsmål til sakene kan rettast til leiar Sindre B. Ramung (976 82 499) el til styret@roysaleite.no
Velkommen på årsmøtet!
Oppsummering frå synfaring i Hovdavegen og Dalhjellevegen
Grendalagsstyret gjennomførte synfaring i Hovdavegen og Dalhjellevegen i desember som oppfølging etter innspel på årsmøtet. Petter Stenstadvoll var med som kjentmann. Styret noterte seg desse momenta som vi ønskjer å følgje opp vidare:
- Dårleg asfalt og overvannsproblematikk i Hovdavegen: Innspel til kommunen.
- Redusert gatebelysning, ei lyktestolpe er velta: Innspel til kommunen.
- Bilar parkert i svingen ved Hovdavegen, slik at ungar på veg til og frå skulen må ut i vegen for å komme forbi: Innspel til kommunen.
- Treng eit nytt bord til fellesarealet: Styret vurderer om det er mogleg å skaffe eit bord til.
Årsmøte i grendalaget 23.2
Hei, alle de på Røysaleite! Set av 23.2 kl 20.30. Då blir det årsmøte i grendalaget, mest truleg i Henjahaugane barnehage. Tentativ sakliste:
-Årsmelding
-Rekneskap
-Kontingent 2016
-Innkomne framlegg
-Val, jfr. § 5
Andre saker de måtte ønskje handsama kan sendast skriftleg til styret@roysaleite.no innan 8.2.
Styremøte -innspel til styret?
Styremøte i grendalaget tysdag 11.1.
Saker:
- Årsmøte 2016 (februar)
- oppfølging av årsmøtets kontingentvedtak
- oppfølging etter synfaringa i Hovdavegen og Dalhjellevegen før jul.
Post gjerne innspel til styret el kontakt oss på styret@roysaleite.no
Synfaring i Hovdavegen og Dalhjellevegen laurdag 21.11 kl 9.00
Det vert synfaring i Hovdavegen og Dalhjellevegen med grendalagsstyret laurdag 21.11 kl 09.00. Vi startar ut frå Hovdavegen 8.
Planen er å sjå spesielt på asfaltkvaliteten, leikeplassen, snarvegen til skulen og attgroiing. Viss nokon har andre saker som gjeld området, kan dei delta på synfaringa eller poste ein kommentar under dette innlegget.
Dugnad på leikeplassen på Midtfeltet
Grendalagstyret har gjennomført dugnad på leikeplassen på Midtfeltet, mellom Nilstreet og Haugane.
Vi har skifta tak på dokkehuset (dokkehuset hadde rottent tak som var lekk), lagt duk i sandkassa og ny spesialsand som skal halde kattene på avstand. Vi har også rydda vekk ein del gamal sprake og klunger rundt dokkehuset.



Dette jobbar grendalaget med no
Oppgradering av leikeapparat
Midtfeltet (Nilstreet/Haugane): Grendalaget har søkt kommunen om støtte til å oppgradere eksisterande leikeapparat og supplere med nye. Søknaden er til handsaming hos kommunen. Styret har gjennomført dugnad der dei har sett på nytt tak på dokkestova, lagt duk i botn på sandkassa og køyrt på med ny, «kattefri» sand. Takk til kommunen som har gitt oss sand!
Kolabakken: Grendalaget har løvya midlar til port, slik at leikeplassen blir trygg for ungane og offentleg tilgjengeleg frå Kolabakken. Porten er alt på plass.
Hovdavegen/Dalhjellevegen: Styret gjennomfører synfaring og vil snakke med bebuarane i området.
Medlemskap i interesseforeining for grendalag
Styret undersøker behovet for medlemskap i den nasjonale interesseforeininga for grendalag og fremmar innstilling på årsmøtet. Medlemskap gir forsikring mm.
Heimeside og Facebook-side
Det er oppretta heimeside for grendalaget (der du befinn deg no) og Facebook-side, www.facebook.com/roysaleite/ Følg oss på web og på Facebook!
Asfaltering/vedlikehald av veg
Grendalaget vil spele inn til kommunen ei prioritert liste på maks tre-fire veg-stubbar. Styret tek ei synfaring rundt om i grenda.
Gjennomkøyring Elihaug
Styret vil undersøke om det er eit problem med gjennomkøyring frå øvst i Kleppavegen og vil høyre med nærmaste naboar på Elihaug om kva dei ønskjer.
Vegetasjon som «står i vegen»
Det finst ein del vegetasjon som står i vegen, både på fellesareal og på private område. Styret ønskjer å spørje Petter Stenstadvold om å vere ressursperson og organisere rydding av friområde, t.d. i Dalhjellevegen.
Ny dugnad
Vi vil planlegge ny dugnad til våren. Dato kjem seinare.
Velkommen til Røysaleiteveven!
Velkomment til Røysaleiteveven – Røysaleite grendalag sin heimesider. Her kjem meir informasjon frå grendalaget etter kvart.