Vårdugnad 5. mai

Takk for ein hyggeleg dugnad på fellesarealet i Nilstræet!

Vi fekk malt dokkestova, rydda godt i vegetasjonen rundt på fellesarealet, rakt og jammna ut underlaget på fotballbana etter vinterens brøyting, olja laftesettet til ungane – og ikkje minst fekk vi smake på ein skikkeleg god gelé-bjørn!

Takk for bidraga, alle de som deltok! 🙂

Premien til dei som hadde vore så flinke å jobbe: Gelebjørn! Takk til Ruthild og Iben, den smakte kjempegodt!

Årsmøte 2022 gjennomført

Det blei digitalt årsmøte i grendalaget i åra. Her kjem nokre høgdepunkt frå møtet.

Linn Sofie S. Ugulen
Linn Sofie Ugulen

Sitjande grendalagsleiar, Linn Sofie S. Ugulen, blei attvald for to nye år.

Styremedlem Mari J. Aune blei også attvald for nye to år.

I tillegg blei følgjande varaer til styret valde: Ruthild Dale, Hilde Katrine Engeli og Espen Sæterbø. Årsmøtet utvida varalista med ein vara til, for å sikre eit godt og operativt styre.

I 2022 ønskjer årsmøtet at grendalaget prioriterer desse tiltaka og aktivitetane:

  • Maling og vedlikehaldsarbeid på dokkestova i Nilstræet
  • Brunsnegleaksjonen del 2
  • Undersøke moglegheitene for lykter på leikeplassane i Dalhjellevegen og Nilstræet. Innkjøp viss tekniske og økonomiske vilkår verkar OK
  • Setje opp ballfangar bak det nye målet på ballbana
  • Dugnad m/vedlikehald og rydding av vegetasjon
  • Vurdere å stå for Open hall
  • Utvide laftesett og olje delane, bygge kasser til oppbevaring
  • Planlegge for opprusting av lavvoen
  • Arrangement og aktivitetar som engasjerer fleire på Røysaleite
Aksjon mot snigler

Kontingentsatsen for 2022 ligg fast på kr 200, slik han har gjort i fleire år.

Heile protokollen frå årsmøtet finn du her.

Digitalt årsmøte i Røysaleite grendalag 2022

Røysaleite grendalag kallar inn til digitalt årsmøte i grendalaget måndag 17.1 kl 20.30-21.30.

Soloppgang over Kleppavegen
Soloppgang over Kleppavegen

Saker:
1. Godkjenning av innkalling og sakliste

2. Val av møteleiar og skrivar

3. Årsmelding

4. Val

5. Rekneskap 2021

6. Kontingent

7. Handlingsplan 2022

Viss nokon saker dei vil ha handsama eller tiltak dei ønskjer grendalaget skal prioritere det neste året, må dei gjerne sende innspel til styret@roysaleite.no innan tysdag 11.1.

Lenke til det digitale årsmøtet (Microsoft Teams – opnast i nettlesar). For dei som har og vil bruke Teams-appen, bruk denne lenka.

Sakspapir og praktisk informasjon om møtet blir posta her i god tid i forkant av møtet.

Styret håpar å at mange ønskjer å delta på det digitale årsmøtet. Velkommen!

Treng du hjelp med å logge deg på møtet, ring Sindre på 976 82 499.

Triveleg Jonsok i grenda vår

Over 30 naboar var samla til grilling, postløp og bål på sjølvaste jonsokafta.

På Nilstræet myldra det av glade ungar med is og ketchup rundt truten og pratsame vaksne. Det var så kjekt å få samlast slik til hygge og leik på vår tradisjonelle jonsokfeiring i grendalaget. Ekstra kjekt at vi fekk tenne bålet. Jammen fekk vi pressedekning i Sogn Avis også.

Her er nokre bilete frå feiringa:

Årsmøtet 2021

For første gong blei årsmøtet halde digitalt. 9 røysaleitingar deltok på møtet frå kvar sine maskiner. Fleire saker vart handsama, mellom anna handlingsplan for 2021:

Handlingsplan 2021:

  • Ballplass – årsmøtet ønskjer å ruste opp dekket, skal vere enkelt å vedlikehalde. Halde konstruksjonen på eit minimum, og vurdere heller ballnett på sikt. Må vere mogleg med alternativ bruk.
  • Leggje til rette for vekst av eng på områder vi ikkje treng å nytte til anna.
  • Brunsnegleaksjon 2.0 – prøver igjen i år. Var problem med leveransar i fjor. Viktig med låg terskel, få mange med.
  • Forslag om spleiselag for kommunen – grendalaget betalar lykt, kabling, etc. og kommunen står for straum og forskriftsmessig oppsett. Vurdere eventuell plassering. Avvente svar frå kommunen.
  • Opprusting leikeplassar Stytti og Nilstræet. Rydde vegetasjon.
  • Leggje til rette for eldre ungar – laftestokkar, byggjesett eller liknande. Elles vere ope for at ungane kan vere kreative, lage hytter og liknande.
  • Landskapspleie og rydding på fellesareal.

Tiltak på handlingsplanen er med atterhald om dugnadsinnsats og budsjettdekning.

Årsmelding 2020

Grendalagsstyret

  • Sindre B. Ramung – leiar
  • Linn Sofie Stavn Ugulen – nestleiar
  • Rune Røysum – kasserar
  • Mari Johansen Aune – skrivar
  • Ruthild Dale – vara
  • Hilde Katrine Engeli – vara

Tal medlemmar

  • 2020: 43 husstander (66%) – rekord siste 5 år

Dugnadsarbeid

  • Korona sette ein stoppar for stor fellesdugnad i år, i staden blei det ein serie smådugnadar
  • Lavvo-fiks:
    • Rensa og impregnerte duken og beisa stokkane, lappa duken
  • Rydding av vegetasjon fleire stadar på Røysaleite
  • Dalhjellevegen:
    • Ein gjeng fiksa opp dokkestova og leikeplassen i Dalhjellevege
  • Nils Magne Slinde og Rune Røysum sette opp ei fin redskapsbu til grasklipparane og det andre utstyret grendalaget eig
  • Benkane i Nilstræet blei beisa fint
  • Mange har vore ute og slått gras, malt postkassestativ og stått på for at det skal vere triveleg i nabolaget.
  • Å skulle nemne alle som har bidrege er det ikkje plass til her, men vi veit kven dei er alle saman, og grendalaget vil gjerne rette ein stor takk til alle saman!

Utelunsj i lavvoen

  • 18. januar samla fleire familiar seg i lavvoen i Nilstræet og spiste lunsj saman rundt bålpanna.

17. Mai          

  • Musikklaget hadde stand-up på leikeplassen i Nilstræet. Herleg med 17. mai-musikk rett utanfor døra!

Jonsokfeiring

  • 38 store og små var med og feira jonsok.
  • Det var så tørt at vi ikkje kunne tenne bål, men grilling og hygge blei det i alle fall

Olsok

  • Det tradisjonelle jonsokbålet blei utsett fordi det hadde vore tørt vêr og bålforbod
  • I staden inviterte vi til bål og hellekaker i høve Olsok
  • Bålet var større enn vanleg etter ein aktiv koronavår i hagane
  • No var det ikkje tørt lengre – heller usedvanleg vått, så vi måtte flytte inn i lavvoen til slutt

Grasrotmidlar frå Norsk Tipping

  • Viss du vil, kan du gi grasrotandelen frå tippinga di til grendalaget
  • Vi har 5 trufaste givarar, som har bidrege med knappe kr 2000 i kassa – viktige inntekter for grendalaget J
  • Ein kan bli grasrotgivar i alle Norsk Tipping sine kanalar, eller ved å sende SMS <Grasrotandelen 918349669> til 60000

Brunsnigleaksjon    

  • Den varsla oppfølgaren av snigleaksjonen i 2019, lot seg dessverre ikkje gjennomføre
  • Styret ønskjer å køyre aksjon på nytt i 2021, forhåpentlegvis med betre tilgang på nematoder og åte (mask)

Gåve til ballbana

  • Grendalaget har fått 20.000 kr frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane til å fikse dekket på ballbana i Nilstræet! ⚽️
  • Takk til Sparebankstiftinga!

Lavvoen

  • Sitjeplassar til opptil 20
  • Bålpanne med grillrist, steiketakke
  • Kaffikjele, emaljegryte og eit par koppar i reskapsskuret

Reiskapar

  • Reiskapane står i det nye skuret bak ballveggen på leikeplassen i Nilstræet
  • Kode til låsen kan ein få ved å kontakte styret@roysaleite.no eller leiar Sindre på 976 82 499
  • To grasklipparar:
    • Ny, stor plenklippar
    • Ryddesag med kantslått-tråd og diverse blad
    • Grasklipparane kan brukast fritt av alle medlemmane i grendalaget

Røysaleite grendalag på nett

  • Røysaleiteveven: www.roysaleite.no
  • Facebook: /roysaleite
  • Instagram (under utprøving): /roysaleite

Ymse

  • Grendalaget leverte uttale til frivilligpolitisk plattform og retningslinjer for kulturmidlar
  • Uttala ligg på www.roysaleite.no 

Digitalt årsmøte måndag 1.3

Røysaleite grendalag kallar inn til digitalt årsmøte i grendalaget måndag 1.3 kl 20.30-21.30.

Saker:
1. Godkjenning av innkalling og sakliste
2. Val av møteleiar og skrivar
3. Årsmelding
4. Val (innstilling kjem)

Viss nokon saker dei vil ha handsama eller tiltak dei ønskjer grendalaget skal prioritere det neste året, må dei gjerne sende innspel til styret@roysaleite.no innan fredag 26.2.

Lenke til det digitale årsmøtet (Microsoft Teams – opnast i nettlesar). For dei som har og vil bruke Teams-appen, bruk denne lenka.

Sakspapir og praktisk informasjon om møtet blir posta her i god tid i forvegen.

Styret håpar å at mange ønskjer å delta på det digitale årsmøtet. Velkommen!

Høyringsuttaler om frivilligpolitisk plattform og retningslinjer for kulturmidlar

Sogndal kommune har lagt ut framlegg til ny frivilligpolitisk plattform og retningslinjer for kulturmidlar på høyring:

  1. Frivilligpolitisk plattform (sogndal.kommune.no)
  2. Retningslinjer for kulturmidlar («)

Røysaleite grendalag ved styret er positive til plattforma og retningslinjene og har levert følgjande uttaler til kommunen:

1,Til plattforma:

Me i Røysaleite grendalag er glade for at kommunen lagar ei frivilligpolitisk plattform. Måla for samarbeidet med lag og organisasjonar i plattforma er gode. Velforeiningar og grendalag gjer ein viktig jobb med å halde fellesareal og leikeplassar i kommunen attraktive og trygge. Gjennom innsatsen vår legg me til rette for leik, aktivitet og fellesskap i nærmiljøet. Me saknar ei formulering om at kommunen vil samarbeide med grendalag og velforeiningar om drift og utvikling av fellesareal, leikeplassar og nærmiljø generelt. I Tiltaksplan for perioden 2021 – 2023 bør det komme eit tiltak som opnar for at kommunen kan stille maskinhjelp, personell eller materiell (td. sandkassesand) til disposisjon i samband med opprusting, vedlikehaldsprosjekt eller ordinær drift på fellesområde forvalta av grendalag/velforeiningar. Utover dette stiller me oss positive i tiltaksplanen.

2.Til retningslinjene:

Me i Røysaleite grendalag støttar framlegget til retningslinjer for tildeling av kulturmidlar. Me er opptekne av at det innanfor tilskotskategori 1 – Aktivitetstilbod for barn og unge og innanfor kategori 2 – Tilskot til allment kulturarbeid skal vere mogleg å tildele kulturmidlar til grendalag og velforeiningar som ønskjer å ruste opp fellesareal og leikeplassar, eller som vil setje i verk prosjekt som skapar aktivitet og fellesskap i nærmiljøet. For øvrig meiner me at retningslinjene gir gode føringar for tildeling av kulturmidlar i kommunen.

Dugnadslogg

Med koronarestriksjonar blei det vanskeleg å få til ein stor fellesdugnad i år, men det betyr ikkje at vi har ligget på latsida. Mykje har skjedd i løpet av sommaren. Her kjem ei oppsummering.

Lavvoen har stått nokre år i vind og vêr og tida var inne for ei overhaling. Vi rensa og impregnerte duken og beisa stokkane. I skrivande stund blir duken lappa slik at han skal vere tett når haustveret er over oss.

Lavvo-spa


Det var behov for ein god del rydding av vegetasjon på felleareala. Her kom grendalaget si ryddesag til sin rett, resten blei teke med hagesaks.

Til slutt ga krattet tapt…

I Dalhjellevegen har ein gjeng vore i sving med å fikse opp dokkestova og leikeplassen for øvrig. Den «nye» dokkestova er skikkeleg koseleg og kjekk å leike i for dei minste!

Dalhjellevegen sitt minste hus

Eit par arbeidsame folk sette opp ei fin redskapsbu til grasklipparane og det andre utstyret til grendalaget. Kode til kodelåsen kan alle som vil låne utstyr få. Berre å sende ei melding til styret@roysaleite.no

Hus til maskinene


Og så har benkane i Nilstræet har blitt beisa fint.

Elles har mange vore ute og slått gras, malt postkassestativ og stått på for at det skal vere triveleg i nabolaget.


Å skulle nemne alle som har bidrege er det ikkje plass til her, men vi veit kven dei er alle saman, og grendalaget vil gjerne rette ein stor takk til heile gjengen!