Grendalaget ryddar: Røysaleiteveven (roysaleite.no) blir lagt ned

Styret har valgt å satse på tenestene Spond som informasjonskanal for grendalaget framover. I tillegg kjem vi som før til å bruke postkassene, og vil vere på Facebook. Dette betyr imidlertid at vi legg ned bloggen vår, Røysaleiteveven. Takk for følgjet så langt, og håpar du vil følgje oss vidare på Spond. Du kan bli medlem her: https://group.spond.com/ASCTC (lenke til Spond)

Rydding

Vårdugnad 5. mai

Takk for ein hyggeleg dugnad på fellesarealet i Nilstræet!

Vi fekk malt dokkestova, rydda godt i vegetasjonen rundt på fellesarealet, rakt og jammna ut underlaget på fotballbana etter vinterens brøyting, olja laftesettet til ungane – og ikkje minst fekk vi smake på ein skikkeleg god gelé-bjørn!

Takk for bidraga, alle de som deltok! 🙂

Premien til dei som hadde vore så flinke å jobbe: Gelebjørn! Takk til Ruthild og Iben, den smakte kjempegodt!

Triveleg Jonsok i grenda vår

Over 30 naboar var samla til grilling, postløp og bål på sjølvaste jonsokafta.

På Nilstræet myldra det av glade ungar med is og ketchup rundt truten og pratsame vaksne. Det var så kjekt å få samlast slik til hygge og leik på vår tradisjonelle jonsokfeiring i grendalaget. Ekstra kjekt at vi fekk tenne bålet. Jammen fekk vi pressedekning i Sogn Avis også.

Her er nokre bilete frå feiringa:

Solid dugnadsinnsats!

Takk til alle som bidro på dugnaden på torsdag. Vi vart ein god gjeng på sjølve dugnadsdagen, og fleire ville fullføre påbegynte prosjekt i dagane etterpå.

Leikeplassane fekk ein skikkeleg kickstart på vår- og sommarsesongen 🙂 Benkeborda på Stytti og Nilstræet fekk ein grundig gjennomgang med pussemaskin og beis. Lavvoen fekk ein real vårvask. Dokkestova i Dalhjellevegen fekk eit løft med målekost og pynt. Elles vart det rydda kvist og kvast.

Håpar vi sjåast masse i det flotte grendalaget vårt utover våren og sommaren! Her er nokre bilete:

Nytt grendalagsstyre 2021

Styret i grendalaget har konstituert seg. Vi har stokka om på nokre rollar, og har ny kasserar på plass.

Styret i Røysaleite grendalag ser slik ut:

Ny leiar –
Linn Sofie Ugulen
  • Linn Sofie Ugulen – leiar – tlf. 950 23 101
  • Sindre Børsheim Ramung – nestleiar
  • Gisle Njøs Storøstevik – kasserar
  • Mari Johansen Aune – skrivar
  • Ruthild Dale – vara
  • Hilde Katrine Engeli – vara

Vi blir glade for alle innspel og innsats for nærområdet vårt!

Årsmøtet 2021

For første gong blei årsmøtet halde digitalt. 9 røysaleitingar deltok på møtet frå kvar sine maskiner. Fleire saker vart handsama, mellom anna handlingsplan for 2021:

Handlingsplan 2021:

  • Ballplass – årsmøtet ønskjer å ruste opp dekket, skal vere enkelt å vedlikehalde. Halde konstruksjonen på eit minimum, og vurdere heller ballnett på sikt. Må vere mogleg med alternativ bruk.
  • Leggje til rette for vekst av eng på områder vi ikkje treng å nytte til anna.
  • Brunsnegleaksjon 2.0 – prøver igjen i år. Var problem med leveransar i fjor. Viktig med låg terskel, få mange med.
  • Forslag om spleiselag for kommunen – grendalaget betalar lykt, kabling, etc. og kommunen står for straum og forskriftsmessig oppsett. Vurdere eventuell plassering. Avvente svar frå kommunen.
  • Opprusting leikeplassar Stytti og Nilstræet. Rydde vegetasjon.
  • Leggje til rette for eldre ungar – laftestokkar, byggjesett eller liknande. Elles vere ope for at ungane kan vere kreative, lage hytter og liknande.
  • Landskapspleie og rydding på fellesareal.

Tiltak på handlingsplanen er med atterhald om dugnadsinnsats og budsjettdekning.

Oppstart utbygging i Henjadalen

På grendalagsårsmøtet 27. februar kom Elisabeth Sveen Eikenes frå Leikanger kommune og orienterte om utbygginga i Henjadalen i samband med etablering av Leikanger kraftverk og nytt vassverk. Her deler vi notat frå Elisabeth si orientering.

Første byggjesteg vil omfatte forsterking av bruer ved Flya. Dette arbeidet truleg startar hausten 2019. Detaljane er ikkje på plass og kommunen vil vite meir i sommar og kan informere meir då.

Provisorisk vassforsyning frå Lundene vil bli anlagt over skulen sitt område, Kolabakken og opp til dagens reinseanlegg. Utbyggjar prøver å unngå anleggsverksemd i skulen si opningstid. Den provisoriske vassleidninga skal vekk når nytt drikkevassanlegg ved Traståna er i drift.

Etter kvart blir det anlagt vassleidning og ny veg opp dalen. Den nye vegen vil ha betre standard enn dagens. Maskinene som skal byggje vegen vil ha tilkomst langs dagens veg inn Henjadalen. Det blir truleg restriksjonar på ferdsel i Henjadalen i anleggsperioden, men det vil komme meir informasjon om dette etter kvart.

Grendalaget har signalisert overfor kommunen at vi ønskjer vidare dialog med dei og med utbyggjar. Vi vil dele all informasjon vi mottek frå desse aktørane fortløpande.

Årsmelding 2018

Styret

Styret har i perioden bestått av:

Styreleiar: Mari Johansen Aune

Kasserar: Rune Røysum

Styremedlem: Sindre Ramung

Vara: Stian Bøyum

Vara: Ruthild Dale

Styret har hatt 2 styremøter i løpet av året, eit i mars og eit i september. Referat frå møta er lagt ut på nettsida www.roysaleite.no og på Facebook-sida (Røysaleite grendalag) etter kvart møte.

Medlemstal

Grendalaget har 40 husstander som medlemmar, dvs. meir enn halvparten av alle husstander i området til grendalaget.

Aktivitet

Årsmøte i Røysaleite grendalag vart holdt i Henjahaugane barnehage 28.02.2018.

Grendalaget arrangerte dugnad på leikeplassen i Nilstræet den 21. mai 2018. På dugnaden vart det montert ny sklie, det vart bygd benkar av paller til lavvoen og fellesområda vart rydda for kvist og kratt. På leikeplassen i Dalhjellevegen vart det sett opp nye husker og eit nytt vippedyr. Grendalaget fekk og sett på plass eit nytt benkebord på leikeplassen i Nilstræet, som var ei gåve frå Hilde Katrine Engeli og Tone Sætrenes Hellebust. I tillegg til dugnad var det sosialt samvær med steiking av sveler og nysteikte bollar.

Grendalaget vil nytte høvet til å takke alle som har vore med på dugnad og som på anna vis har bidrege til dei fine fellesareala våre i 2018!

Grendalaget arrangerte Jonsokbål for store og små i nabolaget på leikeplassen i Nilstræet den 24. Juni.

I oktober arrangerte grendalaget samling for nabolaget i lavvoen på leikeplassen med steiking av hellekaker på bålpanna. Ei triveleg samling med rundt 20 frammøtte!

Leikeplassane i grendalaget er til glede for mange i nabolaget. Lavvoen i Nilstræet vert mellom anna også nytta av både speidaren og Henjahaugane barnehage med jamne mellomrom. Grendalaget organiserer gratis utlån av bålpanne til bruk i lavvoen.

På årsmøtet fatta grendalaget vedtak om å sende innspel til kommunen med ønske om endring av utnyttingsgraden i reguleringsplanen for Røysaleite frå 0,15 til 0,30. I tråd med dette vart skriftleg innspel sendt til kommunen og innspelet er tatt til følge i kommunen sitt framlegg til ny kommuneplan. Informasjon

Informasjon

Grendalaget har i perioden nytta nettsida www.roysaleite.no på Facebook som informasjonskanalar. I tillegg er informasjon om årsmøte spreidd på papir i postkasser.

Grasrotmidlar

Røysaleite grendalag er mottakar av grasrotmidlar. For dei som har lyst å støtte oss litt ekstra, kan ein enkelt registrere seg som givar ved å sende SMS <Grasrotandelen 918349669> til 2020. Takk for støtta til givarane våre!